Framtida
Publisert
Oppdatert 24.10.2017 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før eit av dei siste stortingsvala var eg, som så mange andre, inne på Internett og prøvde meg på ein velgarguide i ei av dei store norske avisene. Eg svarte på rundt hundre spørsmål, berre for å få veta det eg alt visste, nemleg kva parti eg burde stemma på. Etterpå tenkte eg på kor lett det må vera å spora internettbruk tilbake til den som brukar det, og kor fint det ville vera for, for eksempel, overvakingspolitiet å ha ein oversikt over kva for politiske sympatiar folk i Noreg har.

Før dei nye amerikanske terrorlovene kom, i kjølvatnet etter 11. september, ville eg ha tilskrive slike tankar mitt vanlege forfølgingsvanvit. No, derimot, har me både lese i avisene og sett på film og fjernsyn kor lite det skal til for å bli terrormistenkt og hamna til dømes i Guantanamo-basen. Rett nok ser det ut som om me kvite, rike frå kristne land, me som ikkje har noko mistenkeleg etnisk opphav eller har konvertert til skumle religionar, stort sett ikkje treng frykta i det minste amerikanske fangeleirar utan lov og dom. Spørsmålet er likevel om me ikkje bør tenka som den tyske teologen Martin Niemoller:

“I Tyskland kom dei først for å ta kommunistane, og eg sa ikkje ifrå fordi eg ikkje var kommunist. Så tok dei jødane, og eg sa ikkje ifrå fordi eg ikkje var jøde. Så tok dei fagforeiningane, og eg sa ikkje ifrå fordi eg ikkje tilhøyrde fagforeininga. Så tok dei katolikkane, og eg sa ikkje ifrå fordi eg var protestant. Så kom dei for å ta meg, og då var det ingen igjen til å seia ifrå”.

Heldigvis er det nokon vakne sjeler som ser kva farar som lurer i teknologien. Takk vera ein snartenkt biblioteksjef i Tønsberg, er det no lovfesta at når me har levert ei bok tilbake til biblioteket, blir lånet sletta. Slik skal det i alle fall ikkje vera råd å kartlegga oss ut frå kva litterær smak me har, om me les oppbyggeleg nok litteratur, eller kanskje heller om me les dei opposisjonelle eller nedbrytande bøkene som nokon helst ikkje vil at me skal lesa.
Snart kan likevel dei som vil kontrollera oss gjera det på eit enklare og meir effektivt vis enn før. EU har vedtatt eit direktiv som i praksis betyr at opplysningar om kven som kontaktar kven via telefon, sms og e-post, kva klokkeslett og kor personane held til, skal lagrast av teleselskapa i minimum seks månader og maksimum to år. Knapt var direktivet vedtatt, så kom det ein delegasjon frå USA til EU-kommisjonen for å forsikra seg om at den informasjonen som blir samla inn på basis av direktivet skal blir tilgjengeleg for dei. Dette møtte dei lite motstand mot i kommisjonen. I Noreg er det sett ned ein komité som skal sjå på koss dette direktivet skal innarbeidast i norsk lov, sjølv om me enno ikkje har slutta oss til det. Dei ulike datatilsyna i dei europeiske landa har alle advart mot direktivet på grunn av at det trugar personvernet, men det har tydelegvis ikkje gjort inntrykk på EU-politikarane. Så snart kan det vera nok at du får ein telefon frå ein kjenning med muslimsk bakgrunn, kanskje til og med ein som har vore på besøk i heimlandet nettopp, for at du kan sjå mistenkeleg ut i amerikanske augo. Eller kanskje du sender epostar til Venezuela eller Cuba for å planlegga ferien? Me veit jo kva amerikanarane synest om desse landa, mon dei ikkje vil meina at det er best å halda eit auga med folk som har slike sympatiar?
Ein treng ikkje vera paranoid for å irritera seg på ny teknologi, det er nok å vera alminneleg godt oppdratt. For ein av dei meir påtrengande måtane maskinane oppfører seg på, er å kalla oss ved namn. Det er mest ikkje råd å få ta ut pengar i ein minibank lenger, utan at skjermen gledestrålande utbryt: Velkommen til Sparebanken Nor, Borghild Gramstad. Jo takk. Har me blitt presenterte for kvarandre? Og skal ein bu på hotell, står fjernsynet åleine i rommet og lyser: Velkommen, Borghild Gramstad! I staden for å kjenna meg velkomen, får eg lyst å gjennomsøka hotellrommet etter overvakingskamera.

Kanskje har eg lese for mange science fiction-bøker, men når datamaskinane kallar meg ved namn, då kjenner eg meg utrygg. Og det var faktisk nett ei slik bok som fekk meg til å forstå akkurat kor lett det kan vera å bruka teknologien til å gjera store endringar på kort tid, nemleg boka Tjenerinnens beretning av Margareth Atwood. Her skjer det eit kupp av eit kristen-fundamentalt parti, som forbyr kvinner å ha fast eigedom eller disponera eigne pengar. Dermed går kuppmakarane inn i banksystema og finn alle kontoar med koden f for female, og overfører kontoane til kvinnenes næraste mannlege slektningar. Slikt er lett å få til hjå oss òg, personnummeret vårt fortel jo mellom mykje anna kva kjønn me har.

Til det siste vonar eg likevel at me i Noreg kan bli skåna for det verste. Trass alt bur me i eit land der det ikkje blir tatt ei einaste felles avgjerd utan at det sit ein eller annan på ein fjelltopp og skrik: Aldri i livet! Det stridige norske lynnet kan vera den beste garantien me har mot at systemet skal sluka oss. Kanskje det rett og slett er umogleg å samordna eit folk som ikkje ein gong vil vera med i EU?