Framtida
Publisert
Oppdatert 24.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frode Grytten har ei treffande skildring av nett eit slikt tilfelle i siste boka si; Flytande bjørn: Journalisten som er hovudpersonen i boka har telefonvakt når dagens summetonetema er ”tar me imot for mange innvandrarar?”. Han finn heldigvis sin eigen måte å overleva oppgulpa frå folkedjupet på: Ved å bruka nummeropplysninga finn han namnet på dei som ringer inn, og så skriv han det motsette av det dei meiner på avisa sine nettsider, med det fulle namnet deira under.

Det er altså ikkje mangel på klaging, i alle fall ikkje av den surmaga, gretne typen. Men klagar folk eigentleg for lite? For nokre år sidan høyrde eg eit radioinnslag om at minibankane hadde slutta å ha hundrelappar. Om du ville ta ut pengar fekk du dei berre i to hundre-, fem hundre-, eller tusenlappar. Folk som då hadde til dømes 150 kroner på kontoen, ville ikkje få ut noko, sjølv om dei altså hadde pengar. Radioreporteren snakka med både studentar og minstepensjonistar, og alle var einige om at dette var ein uting, som dei var imot. Etterpå snakka reporteren med representantar frå bankane. Dei hadde ikkje fått ei einaste klage!

Mykje av klaginga går altså heilt andre stader enn til dei som kan gjera noko med det som det blir klaga på. Dei som held på med arbeidsmiljøsaker snakkar gjerne om førstelinjeteneste, det er der ei bedrift møter kundar, klientar, elevar, pasientar osv. Dei som står i første line er dei som sit i ekspedisjonane og publikumsskrankane rundt om i arbeidslivet. Det er som regel dei som har minst makt til å gjera om på ting ved arbeidsplassen sin, men som får det aller meste av frustrasjonane brukarane måtte ha i forhold til den same arbeidsplassen. Ikkje uventa er dette ein type stillingar med mykje stress og sjukemeldingar.

Sjølv har eg ikkje nett slikt arbeid. Eg får likevel ein del sure epostar og telefonar frå studentar og andre, og veit kor mykje slikt kan øydeleggja ein arbeidsdag. Eg har derfor ein ganske høg terskel for å senda frå meg klaging sjølv, men her ein dag gjorde eg det likevel, i sinne og frustrasjon over å ha blitt ignorert av to fulle bussar i morgonrøsjet. Rett nok prøvde eg å halda eposten til Tromsbuss i ein høfleg tone, men når ein først byrjar å klaga, er det løye kor mykje ein gjerne vil ha sagt … Eg tenkte at dette gjekk rett i bosset hjå busselskapet, men berre nokre timar etterpå fekk eg svar frå sjølvaste informasjonssjefen, der han greitt og fint svarte på innvendingane mine.

Dette gjorde slik inntrykk på meg at eg no har tenkt å bli eit slikt menneske som seier frå! Men eg vil ikkje bli av dei som sender sms til byrunden eller ringer til summetonen når eg har ei meining om noko, nei, eg vil seia frå til dei som har noko med det. Så og seia alle bedrifter, arbeidsplassar, offentlege kontor, aviser og andre som har med oss å gjera, har eigne sider på nettet der ein kan senda inn reaksjonar og kommentarar. Desse kanalane vil eg bruka for å nå til dei som har makt til å gjera noko med det eg er opptatt av. Ein endå viktigare ting eg har bestemt meg for er dette: Eg vil gi beskjed også når eg har opplevd noko kjekt og når eg har noko å skrøyta av.

Eg har alt lagt meg i trening: Kjære Tromsbuss: Eg har lyst å skrøyta av dei blide sjåførane dykkar …. PS: Det er stadig vanskeleg å koma med bussane på morgonen, kva med å setta opp nokre ekstra bussar? Kjære avisa Nordlys: Takk for ei god avis! Men må det vera reklameinnlegg i avisa kvar dag? Kjære NRK P3: De har mange gode program, særleg på kveldane … eg blir likevel galen av å høyra same songen åtte-ti gonger kvar dag, og det gir meg i alle fall ikkje lyst til å kjøpa plata, dersom det er meininga.

Og så vidare og så vidare. Eg skal bli berykta og berømt hjå alle som har med publikum å gjera! Eg skal vera blant dei som utgjer dei ”telefonstormane” som avisene stadig snakkar om! Eg skal vera folkets talerøyr! Sannsynlegvis må eg seia opp jobben for å få tid til dette, eller kanskje gå av med pensjon 25 år før tida, men når samfunnet krev det, må me alle gjera vårt. All makt til klagaren!