Frivilligheit fungerer

Håkon Rønvik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I forslag til statsbudsjett legg Landbruks- og matdepartementet opp til å kutta heile støytte til organisasjonar. Det tyder kutt på 7,1 millionar kroner og avslutninga på eit historisk godt samarbeid.

Støtte frå staten betyr utruleg mykje for 4H. Vi er audmjuke og privilegerte, men leverer samstundes tilbake  særs godt arbeid opp mot det samfunnsoppdraget 4H Noreg har blitt gjeven av regjeringa.

Kort og greitt skal 4H Noreg blant anna jobba med rekruttering til utdanninga knytt til naturbruk og lokale ressursar, og gje barn og unge opplæring i entreprenørskap, organisasjonsarbeid og praktisk kunnskap i mat og landbruk. Eit solid oppdrag både samfunnet, føretak, bygd og by er tent med at 4H utfører.

Å vera frivillig inneber at aktiviteten blir gjort utan at det blir utbetalt løn. Det er den generelle definisjonen. Det er for så vidt sant, men å driva med frivilligheit er derimot ikkje gratis slik mange trur. Ein frivillig organisasjon må ha system for å administrera frivilligheten. Medlemsregister, rekneskap, kurspåmelding, oppfølging av klubbar, tillitsvaltopplæring og mykje mykje meir. Dette kostar pengar.

Skildringa mi av oppdraget vårt har store ord, men likar det: 4H utviklar kvardagsheltar gjennom leiarutvikling. Fleire tusen kvardagsheltar. Over heile landet.

Det blir jobba kvar dag på klubb-, fylke-, nasjonalt- og internasjonalt nivå. Organisasjonen har eit tillitsapparat som er bygd opp gjennom eit solid demokrati med medlemmar i alle aldrar, og flinke tilsette som legg til rette for dette. Vi diggar når det er slik og vi diggar når vi får spela kvarandre god. Det skal 4H halda med fram.

Om regjeringa, ved Landbruks- og matdepartementet, ikkje synsast dei har eit godt system for å gje støtte til organisasjonar, så er ikkje den beste løysinga å kutta alt. Vi bidreg gjerne med innspel til forbetringar.

Vi kunne sutra, men har svart og svarar framleis med å visa kor kult 4H er og kvifor vi elskar organisasjonen.

At regjeringa ikkje spelar på lag med 4H er uforståeleg. Vi er avhengig av eit apparat som tilrettelegg for frivilligheita slik at vi kan gje best mogleg tilbod. Då treng vi gode vekstvilkår. Heldigvis er det berre eit forslag. Eit forslag som Stortinget med KrF og Venstre i spissen kjem til å gå imot. Vi i 4H har trua på kvardagsheltane og veit at frivilligheit fungerer.

Håkon Rønvik, stolt 4H’ar 
og landstyremedlem 
i 4H Noreg