Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi skulle vere helga i København, og var sjølvsagt redd for å nytte tida feil. Vi skulle få med oss dei siste utstillingane, sjå om eg kunne finne eit par støvlar ingen i Bergen har, dra den kontinentale lufta gjennom nasebora og besøke nokre danske venner som er oppdaterte. Eg har alltid tenkt på vitsen med å reise som det å vere der det skjer; det er aldri vits å ta pulsen på sida av blodåra. Men av og til blir pulsslaga hardare enn ein hadde rekna med, og pulsmålinga er ikkje nokon spøk lenger.

Vi spaserte arm i arm gjennom København-gatene, kjærasten og eg. Vi hadde overnatta på hotell i ruske-snuske Istedgade, og eg hugsar korleis eg med vintersola midt i Gucci-solbrilla mine tenkte at vi såg kvalme ut, der vi passerte den eine slitne karen etter den andre, mens vi utstråla vellykka middelklasse og overskot ein laurdagsføremiddag. Vi sa til kvarandre: «tenk, no er vi her i dette landet som har skapt rabalder i verda i det siste, vi er her, no!», mens vi gjekk med målretta skritt mot turistinformasjonen. Eg burde skjønt det, kjærasten min som har dansk pass og norsk oppvekst burde forstått at noko var i gjære, for den eine politipanservogna etter den andre rulla forbi. Nei, vi kopla ikkje, vi diskuterte berre forma på desse bilane, og korleis dei såg ut til å høre heime i ein politistat, ikkje eit triveleg sosialdemokrati. Så drog vi igjen regla for kvarandre, om korleis Danmark har blitt ein skeptisk, gammal surgubbe med politikølle og framandhat.

Eg registrerte folkemengda i augekroken, men reagerte ikkje før dei begynte å springe. Vi hasta inn i døropninga på turistinformasjonen og såg: to-tre hundre unge, muslimske menn i taktfast jogg mot Hovedbanegården, mens dei hytta med nevene og ropte: «Allahu akbar! Allahu akbar». Som kjærasten seier på bloggen var vi med eitt ikkje i Vestrebrogade, men på Vestbredden. Vi stod og såg på. Eg stod der i kåpa og støvlettane (jålesolbrillene hadde eg tatt av for å sjå betre) i opninga på turistinformasjonen og såg på. Dei unge mennene som sprang forbi var ikkje meg. Eg er forbanna på den høgrevridde, ekle Jyllands-Posten og den provokasjonen som trykkinga av  karikaturteikningane var, men sinnet til dei unge mennene kan aldri bli mitt. Eg kunne ikkje jogga blant dei, endå så god eg er til å springe. Ikkje fordi eg ikkje er muslim, men fordi eg er den utdanna middelklassen med overskot til analyse.

Det samla seg ei gruppe turistar i døropninga, ein finne som såg ut som han var på bisnissreise, ei amerikansk studine og to unge, spanske kvinner. Eg vil tippe at vi var tre kulturelle lutheranarar, to katolikkar og ein jøde. Men vi var eit «oss» der vi stod og konverserte og oppdaterte kvarandre på situasjonen på eit ulasteleg engelsk. Vi samanlikna innvandrarproblematikken i dei nordiske landa. Eg sa inneforstått til finnen at å vere somaliar i Johensuu måtte vere ein skjebne verre enn dauden. Vi forklarte til dei som ikkje kom frå Norden, at det å vere innvandrar i dei nordiske landa ikkje var nokon dans på roser, vanskeleg i Finland fordi det er så få som slepp inn, uthaldeleg i Danmark, fordi dei ikkje veit korleis dei skal integrere alle dei som allereie er komne. Vi var eit oss, trass i ulik religiøs bakgrunn, og det fordi vi var vestlege og utdanna med råd til ein oval weekend i staselege København. Det var eit oss som såg korleis politiet effektivt løyste opp dei.

Utanfor glasdørene, som gjekk opp og igjen heile tida, fordi vi stod midt i sensorlinja, raste demonstrasjonen. Vi tok pulsen, men kunne trekke oss inn i bygget kvar tid som helst.
Som kjærasten sa, vi blei på eit vis bildet både på problemet og løysinga der vi stod som danna og utdanna, europeisk middelklasse.

For det er klart at alt rabalderet, brenninga og raseriet handlar om ei religionskrenking, det er også klart at det handlar om noko heilt anna. Det blei endå tydelegare for meg då vi vimsa oss bort i gatene på ein heilt anna og særs sober kant av byen, på leiting etter hotellet vi skulle over på. Vi spurde etter vegen, og mannen vi spurde, svarte på sofistikert engelsk at han ikkje snakka dansk. Han leita etter det same som oss. Eg lurte på kvar han kom i frå, svaret var eit muslimsk land, som eg ikkje seier namnet på, i rein paranoia for at det skal vere farleg for han å noko vis; «ironically», la han lakonisk til. Han var nett komen heimafrå, arbeidde i diplomatisystemet, han skulle hit for å forhandle.

Vi diskuterte hendingane den siste tida, og var skjønt einige om at det var idiotisk å trykke teikningane, idiotisk med all flaggbrenninga og alt raseriet. «Jyllands-Posten should have known that they would fuel the anger of those idiots», sa han og meinte dei rasande muslimane i hans eigen region. Dei sa han og hørte meir heime blant oss som stod i døropninga på turistinformasjonen, enn blant dei frustrerte mennene i taktfast jogg mot Hovedbanegården. Så spyr ein av seg sjølv som analyserer og kategoriserer, og ser alle vinklar og har språk til å meine og meine.

Difor gjorde det godt å stå arm i arm, muslim og kristen på Kongens Nytorv dagen etter, høre etniske danskar og muslimske danskar ein etter ein gå opp på scenen og seie at dei vil snakke, lytte, samtale. Eg nikka så samd då Carsten Jensen snakka. Der var vi eit vi. Difor gjer det så vondt å vite at neppe ein einaste av dei unge gutane frå joggegruppa var på plass på Kongens Nytorv. Dei har ikkje fått tilgang på eit språk til å samtale med, så dei kan berre brøle og kjenne pulsen dunke rasande.