– Ikkje berre dop og «bitches»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Studvest.

– Me prøver å gjere hip-hop meir oppegåande. Å lære folk at det er ikkje fett med dop. Det kjem til å øydeleggje deg i staden for å byggje deg opp, seier sampol-student Tarjei Jørgensen.

Då Jørgensen flytta til England som femåring, gav onkelen han kallenamnet TJ. Fleire år seinare starta han med musikk, og fekk det nye kallenamnet DanSon av pappa Daniel. No er dei to namna kombinert, og TJ DanSon har gitt ut sin første EP, «Casino».

«Old School»
Jørgensen hadde spelt piano frå barndommen, men byrja å lage musikk digitalt då han var elleve. Men det var då han møtte manageren Aldin Duratovic at ting tok fart.

Stilen til TJ DanSon er «old school», og artisten nemner Nas, Rakim og Big L blant sine inspirasjonskjelder. Jørgensen fortel at stilen ikkje er veldig utbreidd blant norske artistar.

Han miksar sin eigen musikk, og er tydeleg på at noko av det viktigaste for han er å være seg sjølv.

– Eg vil definere meg og min sjanger, min musikkstil og korleis eg er musikkmessig, seier han.

– Eg har jo ingen grenser. Det er ingen som seier kva eg skal lage. Det er ikkje basert på kva me tenar mest pengar på, det er basert på kva me likar å høyre på.


Dei to kameratane kombinerer studiene med å redde bydelen sin, Løvstakken, gjennom musikk. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN.

Manager Duratovic fortel at dei vil prøve å gjere ei endring med musikken til TJ DanSon, og håpar at dersom dei kan oppnå noko stort, kan det hjelpe dei som er rundt dei òg.

– Det er ikkje berre dop og «bitches» det går i. Han prøver faktisk å fortelje noko til generasjonen under, og eigentleg over òg. Sjølv om dei er eldre, så er dei ofte blinde, seier Duratovic.

LES OGSÅ: Bryr vi oss mest om sexisme når det kjem frå svarte?

Undertrykt bydel
Eit tema som engasjerer både artisten og manageren, er bydelen begge kjem frå. Jørgensen fortel at eit par av låtane på albumet handlar om oppveksten på Løvstakken.

– Men det synspunktet og det verdssynet me har fått frå å vokse opp på Løvstakken blir spegla i alle songane, legg han til.

Jørgensen har berre budd på Løvstakken dei siste ti åra, men poengterer at det er jo faktisk halve livet hans.

– Eg føler det har forma meg ganske mykje. Du ser mykje meir enn i andre bydelar. Det er folk frå ekstremt mange forskjellige nasjonar som bur der og det er store klasseskilje. Går du ei gate bort eller ei gate ned kan det ha masse å seie, fortel han.

– Eg har vakse opp heile livet på Løvstakken og det å sjå sprøyter ute i gatene er ein normal del av kvardagen. Eg er sjølv bosnisk opphavleg. Til og med nordmenn på Løvstakken slit med å bli gode i norsk, på bakgrunn av at det er så mange utlendingar rundt. Det skapar eit fantastisk mangfald, men det hindrar òg ein vekst på skyggesida, skyt manager Duratovic inn. 

Han meiner at Løvstakken er ein undertrykt bydel, og at det er ein subtil måte å skape ein ghetto på. Jørgensen seier seg einig, og kallar det ein «snik-ghettofisering».

– Det å flytte fleire og fleire folk med lav inntekt, asylsøkjarar og narkomane inn i kommunale bustadar, i tillegg til å putte Strax-huset på den eine enden og legevakta på den andre enden av Løvstakken. Det blir ikkje tilrettelagt for at det skal gå bra, meiner han.

– Kor skal du leike? Det er ikkje parkar på Løvstakken. Du har gravplassen og ei fotballbane, legg Jørgensen til.

Les intervju med rapparen Gyda (23) om feminisme og mannsjåvinisme i bransjen. 

Tidleg vaksen
Duratovic er klar på at oppveksten på skyggesida har forma dei.

– Det har gjort oss meir modne, me har skjønt meir av verda i ein yngre alder. Men det er negativt òg. Ingen born skal måtte leve med den realiteten at narkomane og sprøyter er heilt normalt, seier han.

Korleis er Duratovic som manager?

– Han er to ting: han er den beste manageren eg kunne hatt, og ein jævla plage i nakken, seier Jørgensen.

Og korleis er Tarjei som artist?

– Berre plage, seier Duratovic.

– Men du likar musikken min, så du kan ikkje snakke, skyt Jørgensen inn.

– Eg elskar jobben min. Han kan sitte heime hos meg med headset på, og eg sit og spelar éin Fifa-kamp på ti minutt, så seier han, «sjekk ut dette», og spelar av beaten. Og så plutselig byrjar han å freestyle tekst oppå, og eg blir fascinert av kor kreativt eit geni han eigentleg er, seier Duratovic.