Barn, hustru og mor

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er høgsesong for tvangsekteskap. Det melder Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Kvar sommar vert fleire ungdom forsøkt tvangsgifta, gjerne på ferie med foreldra til deira tidlegare heimland.

Fleire av dei som vert gifta bort, trulova eller er redd for dette, er barn. I hjelpetelefonen til Raudekrossen har dei stor pågang frå barn som er redde for å bli gifta bort.

Mange redd barn
– Mellom 2008-2012 var det så mange som tok kontakt at vi såg at dette var eit stort problem i Noreg. Vi veit om 53 gjennomførte tvangsekteskap med barn under 18 år, og 214 som har teke kontakt med oss fordi dei var redde for å bli gifta bort før dei var 18. I same periode har vi registrert 891 telefonar om tvangsekteskap, fortel Anne Marte Stifjeld.

Ho er leiar for hjelpetelefonen for tvangsekteskap og kjønnslemlesting og meiner barneekteskap er eit viktig problem i Noreg, fordi det vedkjem mange barn.

– Svært mange av dei som tek kontakt med oss er barn som er redde for å bli gifta bort, og heile 35-40 prosent er under 18 år. Ofte ringer dei fordi dei høyrer foreldra planlegge eit ekteskap, og vert redd. Nokre av desse barna har vore bortlovd heile barndomen. Vi har høyrt barn fortelje at bestefaren avgjorde kven dei skulle gifte seg med då dei var fødd, fortel ho.

Og mange av barna er ifølgje Stifjeld svært unge.

– Dette er ofte svært unge barn. Den yngste som har teke kontakt med oss var 11 år, og den yngste eg veit har blitt tvangsgifta i Noreg var 13 år gamal.

LES OGSÅ: Minst 258 tvangsgifta i Noreg

Eit internasjonalt problem
På grunn av pågangen frå desse barna valde hjelpetelefonen å bli medlem av det internasjonale nettverket “Girls not brides”, ein organisasjons om arbeider mot barneekteskap på verdsbasis. Nettverket har over 200 medlemsorganiasjonar spreidd over 40 land og alle kontinent.

Barneekteskap er eit enormt problem i verda. Ifølgje Girls not brides vert ei av sju jenter gifta bort før dei er femten år i utviklingslanda, og ei av tre før dei er atten. I land som Bangladesh, Mali, Mozambique og Niger vert over halvparten av jentene gifte før dei fyller 18 år. I enkelte av landa, som Niger, vert heile tre av fire jenter gifta bort før dei er atten år, i følgje det internasjonale kvinneforskingssenteret.

Problemet med barneekteskap er at det hindrar utviklinga, både for jentene og landa dei bur i.

Barnemødre
Ein av konsekvensane av barneekteskap er barnegraviditet. Kvart år bli 16 millionar jenter under atten år gravide og føder barn. Ifølgje FNs folkefond vert nesten 20 prosent av jentene i utviklingsland gravide før dei fyller atten år, og kvar sjette av desse gravide er under femten år.

I tillegg til desse vert 3,2 millionar barn utsett for utrygge abortar, utført av personar som manglar kompetanse.

– Når jentene er så unge aukar risikoen for komplikasjonar under graviditeten og fødselen, som igjen kan føre til varige skadar, uførskap og i mange høve dødsfall, fortel Bern G. Apeland, generalsekretær i Unicef, på deira vevsider.

Kvart år døyr det 70 000 jenter mellom femten og nitten år, som følgje av graviditet.

– Dette handlar om menneskerettar, det vil seie rettane til barn. Graviditet tyder ofte ein brå slutt på barndomen, det går ut over skulegang og tyder tapte mulegheiter for framtida seier han.

Ifølgje Unicef er fattigdom ein av hovudårsakane til at foreldre gifter bort barna sine. Ironisk nok fører barneekteskap til at jentene har større sjanse for å ende opp som fattige sjølv.

LES OGSÅ: Stakk ut augo med gaffel

Barneekteskap også i Noreg
I verda er barneekteskap først og fremst eit fattigdomsproblem. Men kvifor vert barn gifta bort i Noreg?

Stifeld forklarar at barneekteskapa er resultat av at foreldra er i ein kompleks situasjon.
– Ofte ser foreldra barneekteskap og tvangsekteskap som ei løysing på ein svært vanskeleg situasjon, og eit vis å sikre framtida på, seier ho.

For det er ikkje alltid sånn at foreldra ser lyst på det å gifte bort eit barn. Snarare tvert imot.

– Det er mange fortvilte foreldre som tek kontakt med oss, fordi dei ofte opplever eit stort psykisk press frå familien sin i opphavslandet på å gifte bort barna sine. Desse ekteskapa kan spele store roller for familien i heimlandet, fordi ein derfrå gjerne kan emigrere til Noreg, og på det viset ha mulegheit til å skaffe seg ei betre framtid og støtte familien i opphavslandet.

– Dermed føler mange foreldre seg i skvis mellom omsynet til familien og barna sine, seier Stifeld. Ho meiner foreldra må få meir støtte.

Må møte både foreldre og barn
Skal ein hindre barneekteskap meiner Stifjeld at ein må møte foreldra og barna på ein god måte.

– Førebygging er heilt sentralt, og då er det særskilt viktig å ha god kontakt med desse familiane og foreldra. I tillegg er det sjølvsagt viktig med handheving av lovverket.

Det vanskelegaste i barneekteskapa er likevel komplekse situasjonen barna handlar i, forklarar ho.

– Ei utfordring i hjelpearbeidet er at desse barna er svært glade i foreldra sine, og dette kan gjere det vanskeleg for dei å ta kontakt med hjelpeapparatet – dei vil jo ikkje angje sine eigne foreldre. Dermed kjem barna òg i skvis, der omsynet til foreldra og familien, og deira eigne ønskjer for framtida står opp mot kvarandre. Derfor er det veldig viktig at desse barna kan møte trygge vaksne i hjelpeapparatet, avsluttar ho.

I denne videoen fortel 11 år gamle Nada Al-Ahdal korleis ho flykta frå barneekteskap:

Og i denne videoen fortel Anita frå India korleis ho svoltestreika for å få utdanning: