Prøysen-sommar

Arnt Birkedal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

”Kveldssong for deg og for meg”, musikk og song: Odd Nordstoga, tekst: Ragnar Hovland, var sommarens melodi. Ein kan lura på kvifor. Eg lurte. Og kom til at tida må vera mogen att for ein god norsk song. Med ein tekst me kan dikta oss inn i, vera i, sjå oss om. Etter årevis på årevis med likelydande låtar med engelsk tekst, der klisjeane er klistra på så tett, ein får ikkje vesletåa innafor ein gong.

Sommarens ordskifte – for meg – var eitt som gjekk i Dagbladet. Først handla det mest om Alf Prøysen si seksuelle legning. Ove Røsbak, som i 1992 skreiv Prøysen-biografien Alf Prøysen. Præstvægen og sjustjærna, gjorde i ein artikkel i juni greie for at Prøysen òg blei forelska i menn. Etterkvart handla det meir om om det var rett av Røsbak å gå ut med dette no. Eg fann ordskiftet interessant. Mest fordi eg syntest eg såg Alf Prøysen tydeligare gjennom og mellom desse stemmane til folk som har eit forhold til han. Somme kjente Prøysen personlig, medan dei fleste kjente han gjennom dikta, songane og prosaen hans. Slik som eg gjer.

Diktaren, trubaduren, husmannssonen Alf Prøysen ifrå Rudshøgda i Ringsaker, Hedmark, ville ha vore nitti år i år. Han gjekk bort for 34 år sidan, bare 56 år gammal.

Sjølv var eg 11 år i 1970. Og Prøysen og visene hans var allereie ein viktig del av livet mitt. Eg hugsar godt dei tidlige ”Prøysen-somrane” mine. Dei blei Prøysen-somrar for Prøysen blei spela så mye på radioen. Trulig fordi han så nylig var gått bort. Prøysen døydde om hausten. I mine tidlige Prøysen-minne er det sommar (eller vinter med snø, skjerf og månehimmel). Eg blei kjend med ei mengd Prøysen-songar gjennom radioen. Prøysen fekk meg til å høyra gauken på ny, gjennom visa ”Gaukelåt”, og til å sjå månen med nye, opne auge. Han opna grinda til ei spennande verd. Opna den meir og meir etter kvart som eg voks og skjøna. Frå tidlig 70-tal minnest eg at ”Du ska få en dag i mårå” og, særlig, ”Så seile vi på Mjøsa”, blei spela svært mye. I 1971 kom eit posthumt dobbeltalbum, Du ska få en dag i mårå, ut, der desse to visene er blant dei mest sentrale. Denne blei òg første Prøysen-plata eg kjøpte, ti år seinare, fann den i ei billigkasse på Stord. Seinare har eg skaffa meg alle innspelingane på CD.

Eg elska ”Så seile vi på Mjøsa” alt då eg var 11, sjølv om eg ikkje skjøna alt. Det gjer eg nok framleis ikkje. Det er ikkje meininga at me skal skjøna alt. Framleis utforskar eg universet den teiknar opp. Og den blir flottare, vidare og djupare heile vegen, som det meste Prøysen laga. ”Mjøsa” stod på trykk i boka Så seile vi på Mjøsa og andre viser frå 1969. Men eg las ikkje diktbøker då eg var 10. Det kunne eg for så vidt godt ha gjort, i alle fall Prøysen sine; då eg var liten, stod visebøkene hans i lag med teikneseriane og vekeblada på kolonialen, så populære var dei. Dei kom i mange, mange opplag. Prøysen var noko så sjeldan som ein bestseljande poet, ein diktar alle elska.

”I æille lier, på æille stier,
der kan du kjinne hass andedrag.”

Syng Erik Bye i visa han skreiv då vennen Alf gjekk bort. Og, veit du, eg kjenner det av og til slik sjølv, eg, kjenner eg skikkelig etter, ser eg meg skikkelig om. Og då blir jo kvar einaste sommar ein Prøysen-sommar.

I sommar fekk me altså veta at Prøysen òg kunne elska menn. Det var forfattar Ove Røsbak som gjekk ut med det. Og det har han fått mye drit for. Ove Røsbak (f. 1959) er ein fin poet frå Furnes i Ringsaker, Hedmark (- ja, kommunen der Prøysen voks opp og budde til han var 24). Røsbak debuterte med ”Lævandes dikt” i 1978. Sjølv hugsar eg best diktboka hans ”Aue i mai” frå 1984, den kjekke tittelen har han tatt frå Prøysen-visa ”Ungkarssorg”, der ei linje går slik: ”Og hadde je blund på et aue i mai, så ska du få klokke og lombok i pæint”. Ved sida av fine diktsamlingar har han òg gitt ut barnebøker og altså biografiar, den om Prøysen, og ei om ein annan stor diktar, Rolf Jacobsen.

Eg er ikkje spesielt glad i biografiar. Biografiar dekkar ofte til hovudpersonen, slik at me knapt ser henne eller han. Dei fleste eg har lese har gjort det, så eg er alltid skeptisk. Prøysen var ein stor kunstnar, og livet og kunsten til store kunstnarar er eitt. Dette gjer det vanskelig å skriva om dei. Biografen må la dei sjølve sleppa til, han må rydda vegen for den han skriv om. Det må vera lettare, innbiller eg meg, å skriva om ein oppdagingsreisande, ei idrettsstjerne eller ein general. Men nett denne biografien ville og skulle eg lesa, så eg ønska meg den til jul det året, 1992, og fekk den. Og ja, den var svært fin, nøktern, respektfull, ein følte ein kjente Prøysen litt betre etterpå. Ein følte seg litt rikare.

Det står altså ikkje noko om Prøysens seksuelle legning her. (Boka hadde vore like fin om det det hadde gjort.) Så kvifor går Røsbak ut med dette no, 12 år seinare? Grunnane kan likna på desse:

Han har gått og grunna på dette i meir enn 12 år. Han visste det ville bli Prøysen-skriveri i år. Kanskje dette òg ville dukka opp. Betre at eg skriv om det, tenkte han gjerne. Røsbak gjer i artikkelen sin greie for at han fekk veta om dette medan han jobba med biografien sin. Men for seint til at han kunne arbeida det skikkelig inn i heilskapen. Eg kan tenka meg at forlaget òg pressa på for å nå julesalet. Og Røsbak tenkte vel; at då lar eg heller vera med å ta det med denne gongen. Neste gong skal det integrerast skikkelig i heilskapen. Tenkte han gjerne. Og no tenkte han trulig: Me lever trass alt i 2004, verda har gått litt framover på dette området.

Men fleire av Prøysens ”fans”, venner og kunstnarkollegaer ville ikkje veta av det. Det vil seia; dei visste det vel, mange av dei. Men avfeia nærast heile saka som ”lita, privat og skiten”. Var no dette noko å komma med, sa dei. Og blei harme.

Og ein kan skjøna litt av koss Prøysen, og mange, mange andre må ha hatt det for 40 år sidan. Ja, og koss mange må ha det enno.

Til sist kom Karen-Christine Friele inn i biletet. Ho sette eit myndig punktum for debatten då ho fortalde om eit møte med Prøysen i 1967. Den gongen var Friele leiar for Det Norske Forbundet av 1948 (no: Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring). Prøysen kontakta henne, fortalde ho, han ville snakka med henne og få råd. Då dei treftest, på kafeen på den gamle Vestbanestasjonen i Oslo, fortalde han henne mellom anna at han så gjerne skulle vera med å kjempa for dei homofiles sak offentlig, men han våga det ikkje, han var redd for at veggane rundt livet hans ville rasa saman. At det ville gå rett vest, det heile.

Og det ville det nok. Dette var i 1967. Å vera ”praktiserande homofil” – gud, for eit uttrykk – var kriminelt, var straffbart. Homofili var ein sjukdomsdiagnose. Litt framover har verda gått. Og me kan jo lura på om Prøysen ville vore den folkekjære diktaren han er i dag, hadde han ”stått fram” då.

Vonlig er fleire flaue. Ole Paus, som trefte Prøysen mot slutten, var ekstra flåsete, og bør vera ekstra flau: – Skal me no liksom lesa piggsvinsongane ”på nytt”, sa han. ”Bolla Pinnsvin” er fin den. Men Prøysen er mye, mye meir enn ein songar av ”piggsvinsongar”. Han er ein av dei finaste diktarane me har.

Min påstand er at Prøysen framleis ikkje blir tatt heilt på alvor som diktar. Men der blir fleire og fleire der ute som veit. Fleire og fleire etter som åra går. Prøysen, nikkar dei. Prøysen er mannen.

Jan Erik Vold er ein av dei som i dei seinare åra har hjelpt oss med å få auga opp for diktaren Prøysen. Særlig med boka P x 3 som kom i fjor.

Ja, og Ove Røsbak er ein annan.

Visesongar Paus har sjølvsagt eit poeng; me treng ikkje veta alt om diktaren for å setja pris på dikta hans. Me treng ikkje veta stort i det heile. Kanskje det er det aller beste; å ikkje veta noko. Men biografiar – og biografar – har me no hatt i to tusen år, minst. Og dei fleste er tjåka fulle av langt mindre relevante ting enn nett dette. Prøysen skreiv svært mye vakkert og trist om nett kjærleiken. Og då må då dette vera ørlite interessant. Viss det ikkje blir grafsa i. Ein skal ikkje grafsa. Eg trur me veit når det er det me gjer. Når me legg Se og hør tilbake i bunken på venterommet med den ekle kjensla i magen, du veit, då veit me me har grafsa.

Nei, me trengte vel ikkje å få veta dette. Men på den andre sida: Kvifor skulle me ikkje veta det? Prøysen er minst like stor diktar no som han var før blåklokkene ringte denne sommaren inn. Og eg ser slett ikkje bort ifrå at fleire no vil opna auga for han. Ta han på alvor. Og finna andre sider ved han enn (dei gilde) ”piggsvinsongane”. Og Røsbak kunne kanskje ha venta til ny utgåve av Præistvægen…var ferdig. Forresten, han veit best sjølv kva han kunne gjera.

Og han sjølv, den store diktaren, kva ville han sagt til det heile, tru?

Eg vil no tru han seier som så der han sit i sin himmel, på ein stein ved sida av Tarjei Vesaas: Det var trist med henne, og det var leitt med han, at dei tok det slik. Men dei tåler det, dei er sterke. Viss dette kan hjelpa nokon til å våga å gå meir ”bratt i nakken”, har det vore rett og verd det. Ja, det vil eg tru. Beint fram.

Det blei etterkvart ein heit sommar. Med tropenetter og alt. Men no har det byrja å hølja att. Og bra er det. For godvêret er det liksom dei vellukka og private som eig . Eg er i alle fall temmelig sikker på at det er blitt slik her i Stavanger: Godvêret er konkurranseutsett og privatisert. Medan regnet framleis vil dukka – og signa – oss alle. Tenker eg.

Og set på endå ei Prøysen-plate og les eit Prøysen-dikt til.

Favorittar blant Prøysens dikt og songar?

Der er så uendelig mange: ”Steinrøysa neri bakken” er for meg nærast heilag, ein skal dvela ved kvart vesle ord, ved kvar vesle maur. (Viss dei ikkje tar alle versa i gravferda mi, blir eg fornærma, eg røper så pass.) ”Frida Tusenfryd”, ”Å den som var en løvetann”, Ungkarssorg”, ”Trass-visa hennes Tora”, ”Visa om løgna”. ”Slipsteinsvæilsen”, ”Narrevise”,”Sønnavindvalsen”, ”Så seile vi på Mjøsa”, ”Romjulsdrøm”. For å nemna nokre få. Og der er like mange eg enno ikkje har oppdaga.

Ei av dei aller finaste – og tristaste – synest eg, er ”Lomnæsvisa”. Om jenta som vil ta livet sitt, men som i siste liten lar det vera. Det er liksom ein svartare versjon av ”Du ska få en dag i mårå”. Og som mest alt Prøysen skreiv verkar det sant og ekte. Eg må få visa deg heile:

Lomnæsvisa

Det ligg ei vise i Lomnæsvatnet
og sleike svabærj og siljukratt.
De ville versa har vørti borte,
men koret suldre:
Kjæm æiller att…
Kjem æiller att…

Det flaug ei jinte på lange legger
mot Lomnæsvatnet, hu smaug og smatt,
og hjertet hakke og haugg i bringen
og pusten hikste:
Kjæm æiller att!
Kjæm æiller att!

Nå sku dom få att for tukt og tyning,
hu visste vatnet ga ro og fred,
hu steig i høgda frå æilt det vonde,
hu skulle seire
når hu seig ned…
når hu seig ned.

Og Lomnæsvatnet låg vákt og vente,
og månen stæinse og væla sto,
og ospa skalv oppi svarte lier.
Da kom et rop
ifrå Lomnæs-mo,
frå Lomnæs-mo.

Og vatnet kjinte at taket lausne,
og ospa blødde som osper gjør,
og månen seilte på himmelskåla
og væla knirke
og gikk som før,
og gikk som før.

Hu kom tel Lomnæs, nå er a kjerring
og spikke fliser ta dag og natt,
men vakkervisa hu skulle søngi
og stæinse væla ved Lomnæsvatnet
kjæm æiller att…
kjæm æiller att.

Alf Prøysen

Så fint, så trist, så enkelt. Så vidt, så høgt. Så oversiktelig, så presist. Så nett nok til at me kan komma inn i det. Ha med oss våre soger. Di og mi. Det me måtte ha å stri med.

Eg brukar å slutta desse stykka med ein ”skjønnlitterær” tekst eg har skrive sjølv. Og eg har fleire små ”helsingar” til Prøysen i bøkene mine… Men det ville vera vel eplekjekt å freista å seia noko poetisk etter ”Lomnæsvisa”. Den må få stå og vippa, må få ligga og suldra ein tanke til.