Norsking, kjenn deg sjølv!

Borghild Gramstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Er dei norske filmane som har fått femmarar og seksarar frå norske filmmeldarar verkeleg så gode? Fortener dei å få den aller beste karakteren ein meldar har å gi? Mange, også fleire som melder film, meiner at det har gått inflasjon i gode kritikkar. Øyvor Dalan Vik, filmmeldar i Dagens Næringsliv, seier dette til Kulturnytt på NRK:

“Ser en på anmeldelsene nå kunne en tro at Norge er verdens beste filmnasjon, og det er ikke tilfelle. Hva gjør vi den dagen det virkelig kommer et mesterverk, skal vi dele ut sjuere?”

Det er ikkje så lenge sidan det var andre ting rundt norsk film det blei klaga over: filmane var for dårlege, folk gjekk ikkje på kino for å sjå dei, det var dei same skodespelarane som gjekk igjen i alle filmane. No er norsk film inne i ein god periode når det gjeld kritikkar og besøkstal, og då er det sjølvsagt interessant å sjå seg litt i spegelen.

Er det ein eigen vurderingsskala for norske filmar, eller er det verkeleg slik at Hawaii, Oslo er like god som Gudfaren, høyrde eg ein filmmeldar spørja på radioen her ein dag. Då tenkte eg: Hawaii, Oslo (som eg enno ikkje har sett) er heilt sikkert viktigare i Noreg enn Gudfaren. Korfor det? Fordi ein norsk film, anten han er god eller dårleg, fortel oss noko om oss sjølve. Han seier noko om kva det vil seia å vera norsk, og kva det vil seia å bu i Noreg. Dette er noko ein utanlandsk film, uansett kor god han er, aldri vil kunna gjera. Dei kulturuttrykka som blir laga i landet vårt, vil alle vera med på å bearbeida det norske, dei norske identitetane, koss me ser på oss sjølve, koss me skulle ønska at me var, koss me er glade for at me ikkje er. Det betyr sjølvsagt ikkje at alt som blir laga av kultur i Noreg, er godt. Men det er for det aller meste noko me ikkje får nokon anna stad. Me kan kritisera kulturen vår; bøker, filmar, musikk, teater osv., og me kan gjera det nett fordi me har rett til å krevja at han fortel oss noko om oss sjølve, lærer oss meir om oss.

Eg kan til dømes meina om Uno (som eg har sett) at han var god, men at det var ein gutefilm. Det kan seia noko om at norsk film er dominert av unge gutar i mange ledd, som lagar filmar om seg sjølve og det dei er opptekne av. Det er då ein interessant observasjon! Så kan eg undra meg over at dei skodespelarane i Uno som ikkje er frå Oslo, ikkje får snakka dialekten sin i filmen. Dette fortel også noko viktig om landet vårt og norsk kultur, sannsynlegvis mykje meir enn det dei som har laga Uno har tenkt på. Slik vil norsk kultur vera med og forma det norske, både gjennom det kulturuttrykka seier og det dei ikkje seier.

Filmvitar Anne Gjelsvik har skrive bok om norsk filmkritikk. Her peikar ho på at for norsk film har negativ eller positiv kritikk mykje å seia, og at det verkar som norsk film er avhengig av drahjelp frå filmkritikarane for å få besøkstalet opp. Då vil eg no berre takka norske filmkritikarar, som i det siste har fått mange folk i Noreg til å sjå norsk film. Det må då berre vera av det gode? Det me får sjå av filmar i dette landet, både på kino og på fjernsyn, er så dominert av USA at me treng store dosar norske filmar for å få tenkt litt over oss sjølve. Me skulle sjølvsagt hatt store dosar brasilianske, vietnamesiske og kenyanske filmar òg, så me kunne få tenkt litt på andre enn oss sjølve og dei som bur i USA, men det verkar dessverre som eit større lerret å bleika. Til me kjem dit, har eg tenkt å sjå alle dei nye, norske filmane i år. Og eg er sikker på at eg kjem til å vera klokare på meg sjølv etterpå. God film!