Verdas merkelegaste juletradisjon kjem i striper!

Linda Eide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg greier meg fint utan ein kvalmande marsipangris, men den er jul. Julehefta kan vera dørgande keisame, men dei er jul. Og alt som er jul er mjølkekyr i pengaland. Det er berre å dra i spenen og så renn kronene ned i svære tankar heilt til sylvgutane ringjer verda inn og stengjer butikkdørene.

Stomperudhistorien kan vera så ufatteleg dårleg og lite underhaldande som den berre kan, den sel som hakka kveitebrød i slaktetida. stikkord: Tradisjon. Ufatteleg sterk tradisjon. Og forlaga har sett det, fjernsynskanalane har sett det, vekeblada har sett det – og gir ut og gir ut. Og kvart år kjem dei tidlegare enn i fjor.
Bunka med ulike julehefte er snart så høg at den kan brukast som skammel når stjerna skal på plass i toppen. Kvart år kjem nye til, i år stoppa det på 36. Blånissane har julehefte, Pusur har julehefte, alle har julehefte og ingen andre har julehefte. Der har du tradisjonen. Den norske! Ingen andre i heile verda skal visstnok ha det slik med jula, at dei må lesa teikneseriar i liggjande format, elles vert det ikkje retteleg jul.

Og dei norske pionerane heitte Vangsgutane, Smørbukk, Tuss og Troll, Nils Og Blåmann, Haukepatruljen, Ingeniør Knut Berg og Jens von Bustenskjold. Og det utrulegaste av alt; dei fleste lever den jul i dag. Alt takka vera tradisjonen. For du verda så forferdeleg keisamt lesestoff noko av det er, så gudsjammerleg pedagogisk og velmeint – fine teikningar då, bevares, men underhaldande teikneseriar? Neppe.

Eigentleg er det Knoll og Tott sin feil og ære alt saman. Måtte jo vera det. Berre ugagn med dei to der. Så mykje ugagn, sett med urolege norske oppdragaraugo, at dei på førtitalet måtte få sitt norske motstykke. Då hadde amerikastripene regjert landet sidan 1909.
Kåre (10) og Steinar (12) Vangen var gutane som i følge dåtidas redaktør i Fonna Forlag “berre gjorde gode ting” i motsetnad til Knoll og Tott som “berre gjorde galne strekar”. Vangsgutane frå Todalen på Nordmøre misser far sin, og lyt straks ta ansvar for mor og heim og gard og eigen oppvekst. I år (som framleis er på femtitalet ein stad) er dei med på sauesanking, reddar Sterk-Ola, lagar morosam oppfinning fordi Kåre les om Edison, lagar slede til mor slik at ho kan komma seg til kyrkja. Og når dei treng varme er gutane sjølvsagt straks på plass – sitat: “Kåre er nysgjerrig etter å få vete kva broren har funne på. Når de kjem ut, får han veta det: Steinar har funne på at dei lyt til å hogge juleveden, skal det ikkje bli for seint. Dei tek straks til med vedhogginga, og arbeidet går med liv og lyst”.
Ja, huhei kor det går. Alltid kvikke, alltid kjekke. Slike gutar det ville Noreg ha.Men Larris den tylen, skal ingen ynskja seg. Han finn støtt på fanteri og peik og er slett ikkje tiltenkt nokon sympati.
Moral; Den som ikkje er snill går det ikkje godt med. Problemet var og er sjølvsagt at Larris er den einaste spennande figuren i hefta. Så mykje for oppseding gjennom teikneseriestriper.

Tuss og Troll skulle også virka motiverande og nasjonalt dannande for veksande slekter. Tuss og Troll skulle skapa interesse for folkeeventyra. No er det mest opptrykk her også, men trur du ikkje 83 år gamle Solveig Muren Sanden gir oss ein historie med heilt nye teikningar også! Du verda, den dama kan teikna. Trollgubben vert rett nok ikkje gift med fagre Gyger-Guri, om han aldri så mykje freistar og triksar, men “frikst” er det, som besto ville sagt. Besto, men Pokemongenerasjonen slit nok litt meir, vil eg tru.

Tradisjon. Smatt på ordet og kjøp gjerne Stomperud. Men regn ikkje med hylande lått eller anna storleg engasjement. Stomperud er likevel det mest selde juleheftet.
Nr. 91 som eigentleg er svensk og heiter 91:an Karlsson, kom til Noreg og Norsk Ukeblad i 1935. Og ufarleg og gammaldags sopar han inn julekroner like lett som julestemde norske artistar i julestemde norske gudshus. I jula skal det vera som det var. På steeeeedet hvil, 91!

Men nokon prøver seg. Håkon Aasnes til dømes. I år plasserer han Smørbukk på badevekta, og let han forelska seg ein russisk kunstløpsbeauty. Men som vanleg rotar han det til, denne gongen med polarbollar og draumen om den moderne trimmaskina.
Men akkurat i det du trudde Smørbukk hadde passert tusenårsskiftet lik oss andre, dukkar slaktaren opp og skal slakta grisen heime hjå Smørbukk, og vips er me 40 år attende. Men Smørbukk freistar no i alle fall, å vera anna enn ei stagnert pengaku på jolemarknaden. Det skal han ha.

Og når no godluna brått og uforklarleg senka seg over tastaturet her eg sit, så legg eg også inn eit godord for Nils og bukken hans, Blåmann. Du verda for nokre teikningar og jo visst, eventyrhistoria om Bergmannen held aldeles mål, sjølv om han er frå 1940 og kjem til årets jul som opptrykk. Vakkert! Så skal du fyrst bruka kr. 27,50 på ein juletradisjon ingen andre i heile verda har maken til, så er ikkje Nils og Blåmann noko dumt val. Mykje betre enn lutefisk og marsipan i alle fall!