Nokre sider ved fenomenet sikling!

Linda Eide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ole Einar Bjørndalen er best og verst. Ikkje umogleg at slikt berre lyt følgjast. Den som tek seg mest ut fysisk, tek seg minst ut estetisk. Froda står rundt munnen, han er totalt besett av gullet som han skimtar der framme! Eller er det frittrennande siklet rett og slett løyndomen til suksessen? Er det kanskje akkurat her han sparar sekundar? Kan det tenkast at konkurrentane faktisk tek handflata opp mot andletet og gnir seg litt rundt munnen før næraste kameraoverførte passeringspost? Medan Bjørndalen sparar opptil minuttet på å konsekvent lata vera?
Kven veit, men du verda så frustrerande det må vera for produsenten av TV-bileta. Vedkommande som i fleire år har planlagt desse estetiske sluttbileta av vinnaren, i ein rå kraftdemonstrasjon mot mål.
Han trudde me skulle sjå på musklane, på fråsparket, på vinnargløden i auga. Men alt me greier å festa blikket på er det siklande slevet som heng frå vinnargeipen og vaggar att og fram, utan å sleppe taket.

Noja. Menn har for så vidt alltid sikla – etter så mangt. Og det fins mykje god forsoning i sedvane. Eg trur ikkje Ole Einar Bjørndalen misser sponsoren sin på grunn av det. At NRK misser sjåarar er jo heller ikkje krise, så lenge dei framleis veit å finna radiofrekvensen – til NRK.

Jenter derimot, siklar ikkje. Slevar ikkje. Jenter snyt seg og har lommeduk i handveska. Dessutan er jenter sexy. Også idrettsjenter er sexy no for tida. Dei sjarmerer heile verda, kastar tråden, stiller til fotografering jamvel utan ski!
Men i Salt Lake City siklar gudbetre sjarmtrolla våre også. Det trur eg dei skal slutta med, jo før jo heller. Då sjølvaste Liv Grete Skjelbreid Poiree let snørrklysa få henga fritt frå nasa, og det hang slev frå munnvikane, var det like før det kom opp nokre drastiske kurvar på skjermen. Hadde dei kome opp, ville dei ha synt marknadsverdien. Den ekstremt raskt synkande marknadsverdien. Hadde Liv Grete sett ut som Bjørndalen, ville ho vore ferdig – for godt!

Vinnaren Kati Wilhelm var nesten på nivå med Bjørndalen. Det lange siklet som ho hadde ut frå andre skyting vaks seg berre lengre og hesligare, og følgde med over målstreken og følgjeleg inn i hundre tusen reprisar på tysk fjernsyn. Ikkje mykje moro for Kati å koma heim til mor Wilhelm etter dette.
Og kva skal dei med dei små papirtørkla dei får av funksjonæren etter målpassering? Om ikkje arrangørane tek seg av det, vil det nok etterkvart verta meir vanleg at TV-selskapa har eigne folk langs løypa, med tørkefillene klare.
Såpass mange millionar har ein trass i alt brukt på maksimale bilete frå leikane, at slevinga nok vert ofra på det kommersielle alter det og – og i så fall er det faktisk kome noko godt ut av kommersialiseringa av idretten.
Ein må ta med seg dei få lysglimta ein kan, på denne pengestyrte planeten.