Kan ta livet av bier – blir brukt i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bioforsk Vest på Særheim i Rogaland har gjennomført forsøk som stadfestar at plantevernmiddelet imidakloprid blir brukt i norsk rapsproduksjon. Det er også lov å bruke det til beising av setjepoteter. Stoffet har ei nedbrytingstid på opptil 15 månader. Imidakloprid blir overført frå beisa frø til pollen og nektar, skriv Stavanger Aftenblad.

Dei norske forsøka viser at stoffet, som i bruk blir blanda ut i ulike preparat, blir teke opp frå beisa rapsfrø, transportert gjennom plantene og påvist i både nektar og pollen. Oljeveksten er svært tiltrekkjande for pollinerande bier.

LES OGSÅ: – Vi har løyst honninggåta

Konsentrasjonen av stoffet er på nivå med funn som er gjort internasjonalt og ligg noko under nivået som EUs matsikkerheitsorgan meiner er kronisk giftig eller dødeleg for bier. Men Mattilsynet meiner verdien er fastsett utan usikkerheitsmarginar, noko tilsynet meiner er ein veikskap.

– Samstundes manglar det retningslinjer for å fastsetje verdiar som ikkje er dødelege, men som kan ha store konsekvensar for bier, seier seniorrådgjevar Marit Randall i Mattilsynets seksjon for nasjonale godkjenningar.

Mattilsynet ser ikkje bort frå at bruk av dette plantevernmiddelet kan auke risikoen for biedød eller biekollaps i Noreg. Studiar frå Storbritannia har vist at plantevernmiddel som kan koplast til biedød, blir brukt i ein tredel av all dyrka mark i landet, noko The Independent omtalte i mars i fjor. (©NPK)