Kva er den beste måten å eta sandwich-is på, og kor mange vener har eigentleg Andersen i cabincruiseren? Trist Pike tar tempen på sommaren.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rockegruppa Trist Pike er ifølgje seg sjølve det aller varmaste jernet i norsk rock akkurat no. Etter singelutgjevingane «Live in Leipzig» og «Død og ved godt mot i hovedstaden» har dei mellom anna blitt booka til Kongsfesten, Indiefjord og KlubbØya, og bruker elles tida si på å smi materiale til to nye album.

Me fekk ein prat med duoen rett før konserten deira på Indiefjord i sunnmørsbygda Bjørke, der Trist Pike var ein slags svarteper på programmet blant diverse obskure indiepopband og kassegitaristar. Eirik Kjøs Usterud (vokal) og Svein Strømmen (også vokal) fann seg likevel godt til rette på den vesle nisjefestivalen.

Eirik: – Me har støtt på andre som òg liker Smiths og Joy Division her, så då går det fint. Det er veldig hyggjelege folk her, både dei lokale og dei andre artistane.

Svein: – Og dyrelivet, ikkje minst.

E: – Ja, me har blitt vener med nokre høner. Dei var dei første me helste på då me kom på fredag, og i dag åt eg egg frå dei hønene til frukost. Eg prøvde å googla «koke egg hvordan», men så var det ikkje nettsamband, så eg måtte berre ta det på gefühlen. Det gjekk overraskande bra.

S: – Eirik spurte meg om kor lang tid det tar å koka eit egg, og sa «nei, cirka 45 minuttar kanskje?» Men han fekk blautkokte egg, og det er ganske nice.

Me må ta føre oss konseptet «sommar». Bra eller dårleg?

S: – Eg synest sommaren er mykje det same som vinteren, hausten, og den fjerde årstida, våren. Det er ofte vanskeleg å skilja dei frå kvarandre.

E: – Ja, særleg no som me driv og kokar kloden.

S: – For å seia det som Don Henley og Glenn Frey (i rockeklassikaren «Desperado» av The Eagles, journ.mrk.): «It’s hard to tell the night-time from the day.» Det gjeld eigentleg årstider òg. Men det er klart, no er det sommar, og me har ikkje noko anna val enn å forholda oss til det.

Kva er ditt forhold til sommaren, Eirik?

E: – Nja, det er som regel enten litt for varmt, eller så regnar det.

S: – Har du gjort noko gøy om sommaren nokon gong?

E: – Eg har vore på utanlandsferie eit par gonger, men så har eg også brukt mykje tid på å sosa rundt og keia meg. No er det sånn at det er fellesferie, men ingen i Trist Pike har ferie. Begge me er i jobb denne sommaren, både i Trist Pike og andre geskjeftar.

S: – Når du er i full jobb i fellesferien, då får gjerne den der sommargreia ein bismak.

E: – På den andre sida er det jo også noko fint med å kunna nyta ein slush på veg heim frå jobb.

S: – Det er klart, ein kan porsjonera dei hyggjelege tinga inn i jobbsommaren også. Når det er sagt: Trist Pike søv aldri. Om me så hadde ferie, hadde me like fullt vore på jobb i bunkersen og smidd ut nye gode idear.

– No har det akkurat kome ein BrainCooler-pinneis

Kva bør ein gjera om sommaren?

S: – Eg synest det er flott å vera heime i byen om sommaren, om ein så har ferie eller jobbar, for faen heller, kvifor dra av garde når det plutseleg er skikkeleg hyggjeleg å vera ute der du allereie held til?

E: – Det har vore veldig flott å få kikka litt på fjell og elvar og fjordar og bekker og sånne ting, eg likar som regel det: eit par dagar på fjellet, og elles berre henga rundt i byen, eta is, eta meir is…

Kva er den beste isen?

Trist Pike tok med seg elektronisk rockemusikk og «can do-attitude» til ungdomshuset Haukly i Bjørke under Indiefjord 16. juli.

S: – No har det akkurat kome ein BrainCooler-pinneis.

E: – Den har me ikkje prøvd enno, men det høyrest mildt sagt lovande ut.

S: – Eg har prøvd han, det var ganske nice.

Kva smak er det på den?

S: – BrainCooler-smak. Den er blå OG rosa.

E: – Eg er jamt over er ein saftisentusiast, i alle fall når det gjeld pinneis. Men Hennig Olsen-sandwichen – der har du det, ass. Det er faen meg is.

Diplom Is-sandwichen er ikkje noko særleg, eller?

E: – Den er også god, men altså, den er vanleg sandwich, mens Hennig Olsen-varianten er Gud-sandwich.

S: – Sandwich er litt slitsamt å eta om sommaren når det er veldig varmt, den smeltar og det renn utover.

E: – Mitt triks er å eta den fort.

S: – Eg pleier å eta den frå begge sider. Eg brenn lyset i begge endar, som ein seier.

E: – Det er ein avansert teknikk, og ein veldig sterk metafor, ikkje minst.

I sommar har me vore veldig opptatt av å utvikla ein såkalla «can do-attitude»

(Intervjuet tar her ei vending der Svein fortel om sin lobbykampanje for kven som helst skal kunna opna uteservering ved Akerselva i Oslo, medan Eirik skildrar konseptet «slush-bar» der all drikke blir køyrt gjennom slush-maskin. Me kjem snart tilbake til det mest universelle av alle tema når ein er på Vestlandet: vêret.)

E: – No er det ganske tungt overskya, eigentleg.

S: – Men det er flotte skyer, då. Trist Pike ser positivt på det.

E: – Ja, i sommar har me vore veldig opptatt av å utvikla ein såkalla «can do-attitude».

Kva går det ut på?

S: – Det går ut å innstilla seg etter omgjevnadene, og å vera einig i at det går greitt sjølv om det ser litt bratt ut akkurat no eller skyene er litt mørke. Dei seier i Sverige at «efter regnet kommer solsken», og det er ikkje alltid sant, men det går jo an å seia det likevel.

E: – Det er jo ein slags «can do-attitude» berre det. Men altså, eg merkar at det er ofte ein del skyer og regn om sommaren, og altså: det veret har ikkje eg bestilt. Veret er ein naturleg prosess, det går ikkje an å bestilla det. Det skjer liksom litt sånn av seg sjølv, på sine eigne premiss. Det går ikkje an å bestilla vêr, og eg har ikkje bestilt regn.

(Intervjuet blir her avbrote då ein ukjent mann frå bygda kjem bort med ei flaske Hot and Sweet med tape rundt korken. Me prøver å få samtalen over på temaet musikk.)

Kva bør ein høyra på om sommaren?

E: – Framfor alt Broder Daniel – Forever, spesielt når det er litt overskya.

Kva med når sola steiker og det er skikkeleg varmt?

S: – Då synest eg at ein skal setja på den første fullengdarplata til det Los Angeles, California, Amerika-baserte rockebandet Black Flag.

E: – Og opptil fleire av platene av det vel også California-baserte heavy-bandet Eagles.

S: – Eagles er veldig sommarmusikk, der er det sol, vind og nakne damer. Men altså, Black Flag er ein god indikasjon på korleis det kan gå med deg når det er sommar heile året, og det er ikkje så jævleg bra det heller.

E: – Ja, då blir du gjerne enten Greg Ginn eller Glenn Frey (i Black Flag og The Eagles, journ.mrk.), og det er ein ganske intens ting å førestilla seg.

Eg har surfa, stått på vasski og bada kvar einaste sommar livet gjennom

Sommaren er gjerne forbunden med positivitet og glede, men er det lov å vera trist om sommaren?

S: – Eg trur det er uunngåeleg å vera trist om sommaren. Ikkje minst no som me er inne i hundedagane. Det er jo ei tid som er prega av sterke kontrastar, blant anna i humør og form. Som livet elles, men kanskje ekstra mykje akkurat no.

Kva med sommarmoten, er det shorts og hawaii-skjorte?

S: – Du finn ikkje meg i shorts nokon sinne.

E: – Eg har éin shorts, og den har eit ufatteleg stygt trykk frå plata De Mysteriis Dom Sathanas av rockebandet Mayhem. Den er «one size fits all», det vil seia openbart designa for ein ekstremt mykje høgare og feitare fyr enn eg her. Eg kjøpte den fordi Svein sendte meg ein link til den på Ebay, og min umiddelbare reaksjon var at «det der er det styggaste eg har sett i mitt liv, eg bestiller den med ein gong».

Kva synest de om sommarklassikaren «Idyll» av Postgirobygget?

S: – Korleis går den igjen? Er det den «Når du en gang kommer neste sommer»?

Nei, det er De Lillos.

E: – Eg hugsar ikkje korleis den går, men den eg derimot hugsar svært godt, er «En solskinnsdag».

S: – Ja, den kan eg. Eg har surfa, stått på vasski og bada kvar einaste sommar livet gjennom. Men det er ein eller annan subtekst i den låten som eg ikkje forstår, med han der Andersen i cabincruiseren og alle dei damene om bord, dei mørke solbrillene han har på seg, og dette opphenget i krabbar.

E: – Det er noko som ligg og boblar der, altså.

(Her sklir intervjuet ut i ein litt innfløkt diskusjon om eit «choose your own adventure»-rollespel med «En solskinnsdag»-tema.)

S: – Men altså, viss eg skulle «choose my fighter» blant karakterane i den songen, og ho dama som er med og lyser krabbar er opptatt, og det er ho jo – då går eg for Andersen. Han har alle sine vener om bord. Viss han kantrar, så har han i alle fall med seg ein jævleg god gjeng til å berga seg.

Trur de han har mange vener?

E: – Kor mange ekte vener har han, er spørsmålet mitt.

S: – Eg trur Andersens definisjon av ein ven i cabincruiser-samanhengen er ein som ville ha hoppa etter han om han fall over bord. Då må han ekskludera dei han kjenner som ikkje kan svømma, og dei som ikkje ville ha gjenkjent han som søkk gjennomvåt. Det kan vera folk som ser dårleg, eller som resonnerer dårleg.

E: – Me dreiv og spekulerte litt på ferjeturen på veg hit: Viss ein av oss fall ut av ferja og ned i fjorden, kva ville den andre ha gjort? Ville han ha hoppa etter, eller ropt etter hjelp?

S: – Eg ville berre ha gått veldig roleg bort derifrå, og ikkje snakka om det nokon sinne. Med min «can do-attitude» ville eg ha tenkt at «ok, eg må berre forholda meg til at han har falle, det får berre gå. Då er det eg som er Trist Pike no.»

Du ville ikkje ha funne ein erstattar?

S: – Nei, det finst ikkje.

E: – Men eg trur at i den situasjonen ville eg ha klart å skrika høgt nok og halda meg flytande lenge nok til at det ville ha gått bra.

S: – Du skal ikkje sjå vekk frå det, men den ferja bråkar noko jævleg.

E: – Det gjer me òg.

Viss du nokon gong er sur eller kjip mot servicepersonale, så er du den første mot veggen når revolusjonen kjem

Avslutningsvis, beste sommartips?

S: – Kle deg i svart og ver høfleg.

E: – Ver høfleg er vårt generelle tips. Ver alltid høfleg.

Kvifor det?

E: – Det er generelt hyggjeleg viss du svarer med eit nikk og eit smil og ein positiv attitude, spesielt overfor servicepersonale. Viss du nokon gong er sur eller kjip mot servicepersonale, så er du den første mot veggen når revolusjonen kjem. Som hyppige McDonalds-kundar er me begge veldig opptatt av det.

S: – Folk sit på internett og skriv meldingar av McDonalds på Gaustad, og så skriv dei at «dei klarer aldri å levere dei tinga eg bestiller», og då tenkjer eg «get the fuck out». Eg går på McDonalds heile tida og bestiller alltid noko jævleg innfløkt, men får alltid det eg bed om. Desse menneska må jo ha problem med å kommunisera.

E: – I våre meldingar får alle McDonalds-filialar terningkast seks. Det er vel terningkast seks sjølv til den uhøflege McDonalds-en i Bergen?

(Intervjuet har igjen tatt ein litt uventa vending. Eirik fortel om den gongen då Svein gjekk på McDonalds i Bergen litt utpå kvelden og bad om ein «plain cheese», og fyren i kassa svarte berre «nei».)

S: – Så seier han, etter at han har tatt ein god tenkepause: «ingen små burgarar etter klokka X». Så seier eg «ja okei», og så ei lita stund etter seier han «Du skal få ein quarter pounder med berre ost.»

E: – Det er ein interessant kontrast, fordi på McDonalds i Storgata (i Oslo, journ. mrk.) innleier dei med å forklara at dei ikkje serverer små burgarar etter klokka X. Dei seier ikkje «nei» og så ein lang kunstpause først. Og det er forskjellen mellom Oslo og Bergen i eit nøtteskal.

Mildt sagt god rockestemning med Trist Pike på Indiefjord.