Høie vil ha debatt om deling av bilete frå institusjonar
Helseminister Bent Høie (H) vil ha offentleg debatt om problemstillingar rundt deling av bilete og filmar tatt i blant anna barnehagar og på skular og sjukehus.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
“Far filmar sitt alvorleg sjuke barn som blir undersøkt av legen og legg filmen ut på si opne Facebook-side» og «Bestemor filmar seg sjølv mens ho får cellegift, men filmen ho legg ut viser også andre pasientar som får same behandling», er eksempel på situasjonar Høie vil ha debatt rundt, skriv Aftenposten.
Han viser til ei masteroppgåve skriven av barnesjukepleiarane Hilde Silkoset og Kristian Kjærnes.
– Dei slår fast at slik eksponering kan vere til skade for barnet og stiller spørsmål om korleis barnet seinare vil oppleve at bilete av dei som sårbare og sjuke, ligg lett tilgjengeleg ute på internett.
Helseministeren har derfor sett ned eit utval som skal diskutere dette. Han seier til avisa at profilering av barn og sårbare personar og kor langt teieplikta til tilsette strekkjer seg, er sentrale tema for utvalet.
Høie understrekar at ytringsfridom og personvern er grunnleggjande rettar både for mottakarar av tenester og for dei som yter dei.
– Arbeidet til utvalet skal ikkje føre til innstrammingar i moglegheitene media har til å sette kritisk søkjelys på offentlege tenester, seier han.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Over 3 milliardar menneske brukar no sosiale medium