Utan bilen…

Borghild Gramstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vår mann, John McClane, er denne gongen i tospann med ein ung datanerd som sjølvsagt manglar McClane si overlevingsevne (som dei fleste menneske utan eigen stuntmann truleg gjer). Plottet er at skurken set diverse datanettverk ut av spel, noko som gjer at straum og trafikklys og andre vitale delar av ein moderne storby stoppar opp eller forsvinn. Ein av dei tallause gongene der våre heltar blir skotne på både av helikopter og fotfolk, prøver datanerden å gå ut av bilen for å søka dekning, og McClane skrik, gong på gong i desperasjon: ”Don’t leave the car, don’t leave the car!”. Dette utropet må vera det som sannast uttrykker ein felles identitet for heile USA, billandet framfor noko. Styrken i dette kjem tydeleg fram også ein annan stad i filmen: Alle trafikklysa er ute, bilar har krasja og kaoset er så totalt at folk faktisk går ut av bilane og ser seg fortvila rundt. Me tilskodarane i salen forstår at katastrofen er rett rundt hjørnet, for me har sett nok Hollywood-filmar til å forstå at når folk i USA går ut av bilane sine, då har sivilisasjonen, slik me kjenner han, brote saman.

Ein røynd haiketurist skulle til USA for første gong, og fortalde til nokre usanarar at han hadde tenkt å haika tvers over landet. Dei blei forferda, og åtvara han på det sterkaste. Men kan det vera så mykje farlegare enn andre stader, seier han, galningar finst det då overalt? Ja, svara usanarane, men i USA køyrer alle galningane bil! Og dei har vel ikkje anna val, sidan det meste av USA er bygd opp rundt bilen. I ein storby som Los Angeles, til dømes, finn ein ikkje noko eigentleg bysentrum, fordi alt er lagt opp til at bilen skal vera med. Det vil seia at enorme parkeringsplassar har forrang framfor torg og plassar, og er du fotgjengar betyr at du anten er fattig, kriminell eller sinnsjuk.

Slikt kom eg i tankar om då eg høyrde dei dramatiske oppslaga i media for ein månads tid sidan om kor lite motorveg me har i Noreg, samanlikna med resten av Europa. I Sverige har dei seks gonger så mykje motorveg som hjå oss, og me må til og med sjå oss slått av Portugal, eit av dei fattigare landa i Europa. Dessutan har me mykje meir bompengar og avgifter som bilkøyrarane må betala enn det andre land har. I media blei denne saka framstilt som ein nasjonal katastrofe, på linje med eit vinter-OL utan norske medaljar. Men hadde ein ikkje visst betre, kunne ein tru at dette var ein medviten miljøpolitikk frå politikarane våre si side. For det er jo innlysande at store, flotte vegar gjer at biltrafikken aukar. Og jo meir det kostar å bruka bilen, jo mindre blir bilen brukt. Alle som har følgt med i klassen dei siste åra veit at bilkøyring er ei av dei store forureiningskjeldene i verda, og noko av det kvar og ein av oss kan endra for å gjera ein forskjell for miljøet. Men bilen er ei heilag ku i Noreg, sjølv om me heldigvis enno ikkje har nådd dit som USA er. Det er lite som er så provoserande for ein gjennomsnittleg nordmann som at nokon skal pirka på retten hans til å køyra heilt til døra dit han skal, og retten til å gjera det så billeg og raskt som mogleg. Er det dette som er FrP-koden, at alle bilistar har ein latent Framstegspartivelgar inni seg? Det stemmer i alle fall godt med ”miljøpolitikken” partiet held seg med, som stort sett går ut på å lukka augo for alt som får konsekvensar for norske velgarar.

Kanskje må me slå oss saman alle me fattige, sinnsjuke, kriminelle, unge og bilfrie, me som ikkje ser på bilen som ein forlenging av vår eigen kropp, me som ikkje synest det er ein heildagsjobb å ta bussen og som kan tåla å gå meir enn nokre meter pr dag. Det er ikkje sikkert me er så få likevel, og når me først kjem ut i gatene, er ingen bilist trygg!