Grenser i grenseland

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 05.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtte rare grenser

To øyar i bukta utanfor New York og New Jersey ligg på New Jersey-sida, men høyrer til New York. Det er to såkalla eksklavar, eit område som ikkje heng saman med styresmakta det høyrer til. Slik har det vore sidan 1664, då britane tok over Fort Amsterdam, som låg på nedre enden av Manhattan.

Den eine er Liberty Island, der Fridomsgudinna står. Den andre er Ellis Island, som var det viktigaste mottaket for innvandrarar til USA i mange tiår. 12 millionar innvandra til USA gjennom dette mottaket i åra 1892 til 1954. No er øya eit museum.

Ellis Island er delt mellom dei amerikanske statane New York og New Jersey, etter ein spesiell rettsak tok frå New York ein del mynde. Foto: MrLaugh/Flickr/CC BY-SA 2.0

Nettopp difor vart øya utvida, slik at ho skulle kunne fungere som mottak, og var ferdig utvida i 1934. Den opphavlege øya står berre for éin tidel av øya slik ho er no. Etterkvart som øya vart fylt ut, fekk delstaten New York framleis mynde over øya.

Men i 1997 gjekk New Jersey til retten for å mynde over øya. Året etter gav høgsterett dei rett i at det som ikkje høyrer til den opphavlege øya, høyrer til New Jersey. Det fører mellom anna med seg at ein del bygningar er delt mellom dei to statane, og at dei deler på styresmakta over henne.

Øya byter hand kvart halvår

Elva Bidosa marker ein del av grensa mellom Frankrike og Spania. Ho renn frå Pyreneane og ut i Biscayabukta i Baskarland. I elva ligg ei øy som heiter Fasanøya. Her signerte Frankrike og Spania Pyreneane-traktaten i 1659, som avslutta ein 24 år lang krig mellom landa.

Sidan den gongen har byane på kvar si side av grensa, Irun i Spania og Hendaye i Frankrike, delt på å administrere øya. Dei har styresmakt i seks månader kvar, med ein liten seremoni ved kvar maktovertaking. Sidan avtalen vart inngått har øya skifta hender 700 gongar.

Traktaten inkluderte nye grenser mellom landa, mellom anna at Spania skulle gje alle bygdene nord for Pyreneane til Frankrike. Byen Llívia, der det no bur om lag 1500 menneske, var i eldre tid hovudstad i Cerdanya og vart i 1659 rekna som by og ikkje bygd. Difor er Llívia framleis ein spansk eksklave i Frankrike.

Arva etter Stalin

Sokh er ein 220 kvadratkilometer stor usbekisk eksklave i Kirgisistan. Der bur det i overkant av 50 000 menneske, og for å gjere forvirringa endå litt større: 99 prosent av dei er etniske tajikar. Tajikistan har ikkje noko med eksklaven å gjere. Dette kaoset har er ein konsekvens av politikken til Stalin, som blanda folkegrupper for å øydeleggje nasjonalkjensla til folkegruppene i Sovjetsamveldet.

Mellom Tajikistan, Kirgisistan og Usbekistan passar ikkje kartet heilt med terrenget. Usbekistan i gult, Kirgisistan i grønt og Tajikistan i grått. Kart: Wikipedia/CC BY-SA 3.0

Tyrkia eig ei tom grav i Syria

Süleyman Shah levde på 1100- og 1200-talet, og døydde om lag i 1236. Han var visstnok bestefaren til Osman I, som grunnla Det osmanske riket, men her er dei lærde litt ueinige. Uansett ligg Süleyman gravlagd i Syria.

Grava vart flytta i 1973, fordi området vart flaumt over på grunn ein demning. Den nye grava har Tyrkia vakta med æresvakt, og rekna som tyrkisk territorium. Men den syriske borgarkrigen har har truga tryggleiken til grava. I 2012 hevda president i Tyrkia, Recep Tayyip Erdoğan, at om IS gjekk til åtak på grava, gjekk dei òg til åtak på Nato.

I byrjinga av 2015 var grava omringa av IS. Natt til 22. februar det året sende Tyrkia 572 tyrkiske soldatar for å evakuere dei 38 soldatane og sjølve grava. Éin soldat døydde i operasjonen. Dei flytta henne til berre 180 meter frå den tyrkiske grensa, slik at ho framleis ligg i Syria, men Tyrkia har betre kontroll.

Tyrkia hevdar framleis at området der grava var, er territoriumet til den tyrkiske staten.

Enkel, dobbel, trippel

Det finst mange enklavar og eksklavar i verda. Område som ligg utanfor landet det høyrer til. Nokre stader finst det doble enklavar, altså ein enklave inne i ein enklave. Ein slik er Nahwa, som høyrer til Dei foreinte arabiske emiratane. Nahwa ligg inne i Madha, som er ein omansk eksklave i emiratane.

I tillegg er Oman delt i to, slik at tuppen av landet, på Musandamhalvøya, ligg på andre sida av

Det finst ingen triple enklavar. Det vil seie, det gjer ikkje det no lenger. Men fram til 2015, då Bangladesh og India inngjekk ein utvekslingsavtale for 162 enklavar. India gav 111 til Bangladesh, og 51 enklavar byta hender andre vegen.

Foto: Cyberpunk7282/Wikipedia/CC BY-SA 3.0

Dahala Khagrabari var då den einaste triple enklaven i verda. Det var ganske dumt for dei som likar kartkuriosa, men utvekslingsavtalen var nok berre til det gode for dei i overkant av 50 000 menneska som budde i enklavane.

Soldatar frå den bolivianske marinen i ein parade. Foto: Israel_soliz/Wikipedia/CC BY-SA 3.0.

Marinegastar på land

Dette er ikkje akkurat ei rar grense, men det er litt rart likevel. Bolivia har ikkje kyst, etter at dei tapte si korte kyststripe til Chile i ein krig på 1890-talet.

Men dei har likevel ein marine. Den bolivianske marinen vart skipa i 1963, då med personell på 1800 og fire båtar. Dei patruljerer elver og innsjøar, har no personell på om lag 5000. Sjågåande trening må bolivianarane gjere på argentinske skip. Sidan, vel, dei har jo ikkje sjø.

Marinen er kanskje òg litt for å vise at dei har ambisjonar om å få kyst att. Dei har aldri gjeve heilt slepp på ideen om at kysten er deira, sidan dei hadde kyst då dei vann sjølvstendet i 1825. Peru var med på den tapande sida av krigen mot Chile, og er nok difor nært knytt til Bolivia.

I 2010 gav Peru dei lovnadar om å få tilgang til Stillehavet gjennom hamna i Ilo, og hamna vert no rusta opp til å kunne frakte bolivianske varer.  Bolivia skal òg få byggje jernbane frå Bolivia og til Ilo.

Foto: Golbez/Wikipedia/CC BY-SA 3.0

Invasjon, koloniherrar og FN

Middelhavsøya Kypros er delt i to, det er greitt. Tyrkia kontrollerer den nordlege delen, etter at dei invaderte i 1974. Den andre delen høyrer til republikken Kypros.

Dei to delane er skilt av ei FN-sone som går gjennom landet. Men i tillegg til FN-sona, har dei gamle koloniherrane i Storbritannia område som høyrer til militærbasane sine.

I tillegg til det igjen, er det kypriotiske eksklavar inne i områda som høyrer til dei britiske marinebasane. Dei må altså gjennom framand militærmakt sin base for å kome til andre delar av sitt eige land. Og det er ein nordkypriotisk eksklave i den sørlege delen av Kypros, så det går ei FN-sone rundt eksklaven.

Handtaket på Namibia

Namibia ligg på på vestsida av Afrika, nord for Sør-Afrika. Landet vart sjølvstendig frå Sør-Afrika i 1990. Landet ser i utgangspunket ut som eit vanleg, samanhengjande land. Men i det nordaustlege hjørnet av landet, stikk det ut eit handtak mot midten av Afrika.

Området heiter Caprivi-stripa, og har namnet sitt frå den tyske kansleren Leo von Caprivi. Området er busett av folk med ulike språk og etnisitetar, og gjev såleis ikkje meining. Men i 1890, då Tyskland kjøpte området frå Storbritannia, gav det meining.

Tyskarane, som på den tida var koloniherrar, ville ha tilgang til den austlege delen av Afrika. Difor kjøpte dei ei stripe som gjekk innover til elva Zambezi. Meininga var å få tilgang til elva for å kome seg gjennom til det tyske koloniområdet på austsida av Afrika.

Det einaste problemet er at om du følgjer Zambezi-elva frå Caprivi-stripa, så møter du på Viktoriafalla, det største fossefallet i verda. Så tyskarane kom seg aldri til korkje det indiske hav eller sine austafrikanske koloniar.

Caprivi-stripa har likevel følgt med Namibia då dei gjekk frå tyske til sørafrikanske hender i 1915, og då dei vart sjølvstendige i 1990. Det er òg ein sjølvstendegerilja som kjempar for å gjere området uavhengig frå Namibia.

Den grenselause sjøen

Bodensjøen er det einaste området i Europa utan grenser. Sjøen høyrer ikkje til noko land, og ligg der Sveits, Austerrike og Tyskland møtest. Grensene er klare og anerkjente på land, til dømes er grensa mellom Sveits og Tyskland merka med 22 store statuar som representerer Tarot-korta. Men grensene møtest ved sjøen og stoppar der.

Sveits meiner at grensa bør gå midt i sjøen. Austerrike meiner dei tre landa bør kontrollere heile sjøen saman. Tyskland har ikkje nokon offisiell haldning til spørsmålet. Dei handterer konfliktar frå gong til gong.

Smuglarane rustar opp vegar

Russland er kjent for eksklaven Kaliningrad, der filosofen Immanuel Kant budde og aldri forlét. Han budde rett nok i Prøyssen. Først etter andre verdskrig vart området sovjetisk, då Tyskland og Sovjetsamveldet delte Polen mellom seg. Like etter tok Sovjetsamveldet kontroll over dei baltiske statane.

Då samveldet vart oppløyst i 1991, og dei baltiske statane vart frie, høyrte Kaliningrad framleis til Russland. Og slik har det vore sidan.

Litt mindre kjent er eksklaven Sankovo-Medvezje. Området er ikkje stort, om lag 4,5 kvadratkilometer, og heilt folketomt. Området vart fråflytta i 1986, etter Tjernobyl-ulukka. No er visstnok området brukt blant smuglarar, sidan det er ein veg inn i russisk område utan nokon grensestasjonar.

Grensa mellom Kviterussland og Russland er elles mykje brukt blant smuglarar. Smuglarane har til og med rusta opp vegane over grensa i smug. Dei utvida vegane og og la til nokre snuplassar.

Grensa mellom Nederland og Belgia er godt døme på ei fredleg grense. Foto: Jérôme/Wikipedia/CC BY-SA 3.0

Mange av dei rare grensene i verda er knytt til konflikt på ein eller annan måte. Dei er kanskje rare nettopp fordi landa ikkje greier å verta einige. Grensene mellom Canada og USA, og Belgia og Nederland, er døme på meir fredelege, men likevel litt rare grenser. Fleire stader er markerer dei grensene med ei line på bakken. Dei kan gå midt gjennom ein by, eller midt gjennom eit hus.