Kor er eigentleg heime?

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «Home» av Edward Sharpe and the Magnetic Zeros

Som einkvar som har vore student, skilsmissebarn, eller ikkje oppvaksen på familiegarden i ein fjord langt inni Gokk (mellom Tind og Haug, veit du), har eg flytta litt. Difor har eg lenge slitt med å finne ut kor heime eigentlig er. Då veninna mi Lena, som er ein av dei som har vakse opp på ein familiegard i Michigan, først fekk meg til å lytte til «Home», fant eg ro.

«Home, let me come home
Home is wherever I’m with you» 

Eit spesielt samhald

Sunniva Marie Hustoft

Sunniva Marie Hustoft. Foto: Privat

Foreldra mine lot meg av ein eller annan sær grunn flytte til Las Vegas, New Mexico då eg var 16. Dette er altså ikkje byen med stripparar og kasino, den finn du i Nevada, men eit lite hjartesukk av ein by på 15 000 innbyggjarar kor sjukehuset, min private internatskule og illegale rusmiddel er hovudkjeldene til inntektsgivande arbeid. Med andre ord ein flott stad for 200 ungdommar frå heile verda å flytte til før dei fer vidare i karrierejaget på fancy colleges med masse stipend i ryggsekken. Neidå. Men det finst likevel noko bra med Las Vegas, New Mexico. Den eklektiske miksen av menneske i byen gir eit heilt spesielt samhald, ein familie og ein heim for denne menneskemiksen.

Heime er der eg bur

For meg, som har flytta mykje rundt, har jo heime vore der eg har budd for tida. Samtidig sa eg alltid at eg skulle heim då eg dro til Norge i feriane den tida eg budde i New Mexico, sjølv om heime eigentlig var kor eg dro frå. Folk som har bytta mellom å bu i ulike land som unge, slit ofte med å definere kva deira heimland er. På same måte som at min heim er mange ulike bustader eller område, er deira heim fleire land. Men er det eigentlig så viktig?

«I’ll follow you into the park,
Through the jungle, through the dark
Girl, I’ve never loved one like you»

Kjærleik og nærleik

«Home» handlar i botn om kjærleik og nærleik, og rundt dette kan du byggje ein heim uansett kor i verda du er. Det viktigste er kven du har rundt deg. For meg er eg heime når eg er rundt folk eg er glad i. Nett som at eg seier at eg skal heim når eg drar til leiligheita eg bur i etter jobb, kan eg fint seie at eg skal heim når eg skal attende til leiligheita til veninna mi når eg besøker ho i Trondheim. Begge stader har menneske eg bryr meg om.

Eg likar «Home» fordi songen fortel at eg kan vere heime sjølv om eg er langt frå det eg er vant til. Det gjeld berre å finna folka eg kan byggja heimen med. Det tar litt tid og krefter, men det er alltid verdt det. Og kven veit — kanskje du i same slengen skaper ein heim for nokon andre som virkelig treng det?

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Fakta

«Home»

Av: Edward Sharpe and the Magnetic Zeros (USA)

Album: Up from below (Community Records, 2009)