«Viss du ikkje les dette, vil det skje deg noko»

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«HVIS DU IKKE SENDER DETTE VIDERE VIL DET SKJE DEG NOE FÆLT». Innboksen som viser epostane frå året 2007 er fulle av truslar over kva som kan skje om eg ikkje sender kjedebreva vidare. Kanskje forklarar det kvifor eg strauk på første oppkøyring i 2010, eller at eg tryna på gata i sommar? Det kan jo hende at det er ein samanheng.

Å ta ein titt i den gamle innboksen min, ti år tilbake, skjer ikkje utan ei viss mengde latter. Eg trur det var mor mi som laga eposten i 2005 og såleis også epost-namnet, og det var heldigvis nokolunde normalt. Eg er altså ikkje ein av dei som sende jobbsøknadar med epost-namn som cat_lover90 eller elise_yoyo, som visse andre. Adressen var så normal at eg faktisk heldt på ho, fram til 2014.

Hvis du bryter kjeden så vil du ha problemer med forhold i 5 år

Problem med forhold i 5 år

Som du sikkert forstår, tok eg vare på den gamle eposten, og sjekkar han også med jamne mellomrom. Men det var først i haust at eg tok meg bryet med å gå heilt attende til 2007 for å kikke på gamle epostar. Det første som slo meg var kor enormt mange epost-adresser som står oppført i byrjinga av kvar mail. Greitt nok, alle skal få det same kjedebrevet, men ein må jo bla i år og dag før ein kan lese sjølve mailen. Både elise_d_e_mg og titt_tei skal også få med seg den same kjedebrev-trusselen.

«Dette er så skummelt: Send denne mailen til 15 personer innen 143 min. Når du har gjort det så trykker du på F6 Knappen og den du liker kommer till å stå med store bokstaver. Hvis du bryter kjeden så vil du ha problemer med forhold i 5 år.» Eg veit ikkje kor skummelt det var, men utan å ha trykka på F6-knappen kan eg stadfeste at eg fekk problem i forholda mine medan eg var tenåring. Igjen – det kan jo ha ein samanheng.

Eg beit ikkje på alle kjedebrev, men nokre av dei appellerte til samvitet. For eksempel når du får denne beskjeden: «Now forward this to every person you consider a friend, not forgetting the person who sent it to you!» Eg ville jo ikkje at denne vennen skulle bli fornærma, så då var det lett å trykkje «send» sjølv om ein vert irritert av å få kjedebrev i første omgang.

BRUKEREN VIL BLI STENGT OG DU BLIR NØDT TIL Å BETALE 10.000  PUND FOR VIDERE BRUK

Andy og John, MSN-planleggjarane

Eit anna kjedebrev var den stadige trusselen om at MSN Messenger skulle stengje. Dette var som kjent rett før Facebook blei verdskjent og folk chatta på den tida over MSN. Dette kjedebrevet kom titt og ofte i innboksen, og skapa stundom debatt på skulen:

«Hei! Dette er Andy og John, MSN-planleggerne. Beklager forstyrrelsen, men vi holder på å stenge MSN. Dette på grunn av at altfor mange uforstående mennesker tar ibruk alle våre navn (en person lager flere forskjellige brukere), vi har kun 578 forskjellige navn igjen. Har du lyst til å stenge brukeren IKKE SEND DETTE VIDERE. Har du lyst til å beholde brukeren SEND DENNE MAILEN VIDERE. BRUKEREN VIL BLI STENGT OG DU BLIR NØDT TIL Å BETALE 10.000  PUND FOR VIDERE BRUK.»

Under stod det:

«Hei alle sammen. Jeg sender vanligvis ikke slike mailer som dette videre. men jeg har sjekket på internett og det er sant. Fra og med 1.11 må vi betale for å bruke MSN og mail helt til vi sender denne til minst 18 personer.»

Reisebrev og horoskop

Alle desse kjedebreva må jo vere ein hån mot personen som fann opp eposten i 1971. Ikkje berre skal Andy og John øydeleggje for alle med MSN, dei har berre 578 namn igjen å ta av! Og du må betale 10.000 pund om du vil halde fram med å chatte! (Eg har også sjekka på internett, og det viser seg at dette – 10 år seinare – ikkje var sant. Du kunne fritt bruke MSN fram til 2012. Då valde Microsoft å overføre messenger-tenesta til Skype.)

Eg fekk også tilsendt horoskopet mitt for den månadan, berre for å vite kva meir gale som kom til å råke meg.

Dette var som sagt før Facebook blei allment brukt. Difor nytta vi både MSN og e-post til å sende bilde frå helgas fest. Eg har difor utallege epostar frå venninner som berre inneheld flaue bilde der vi poserer liksom-fulle eller der vi sit i sofaen med hettegenser og dårleg sminke.

Men eposten inneheldt også reisebrev. Eit brev kom frå ei venninne som sat på internettkafe i Tyskland og nett hadde blitt sjekka opp av ein 20 år eldre mann. Eg fekk også tilsendt horoskopet mitt for den månadan, berre for å vite kva meir gale som kom til å råke meg.

Her fekk eg dessutan meldingar frå Sexyboy og Pedro M. om at eg hadde fine profilbilde.

Penest.no

Dessutan hadde eg, som så mange andre tenåringsjenter den gongen, sendt epost med bilde av meg sjølv til eit modellbyrå. I mailen fortalde eg at eg var 16 år og hadde interesse for «klær, mote, hår, sminke og mye annet som kan relatere til denne bransjen,» og at eg ville jobbe som modell «i forhold til foto og reklame». Men eg fekk diverre svar, som så mange andre, at eg ikkje var høg nok til å vere modell (det var kanskje ikkje den einaste årsaka, men det var i alle fall grunngjevinga frå byrået).

Knekken i sjølvtilliten etter dette nytta eg til å lage profil på Penest.no, for der var også mange andre unge på min alder. Her fekk eg dessutan meldingar frå Sexyboy og Pedro M. om at eg hadde fine profilbilde. Det varma eit 16 år gamalt hjarte som på den tida var usikker på alt. Eg fjerna likevel profilen då eg fann ut at folk dreiv og lasta opp nakenbilde av seg sjølve.

Mange bilde frå tenåringstida ligg i innboksen frå 2007.

Over 10 år seinare trur eg at Facebook har vore ein god ting. Facebook er profesjonelt og samtidig privat. Det er mykje grums på Facebook også, for all del, men no har vi i alle fall siviliserte debattar og kan kommunisere raskare, enklare og meir seriøst. Og er det noko eg verkeleg er glad for å bli kvitt, er det dei endelause kjedebreva.

Så takk, Andy og John, for ei fin tid på MSN. Og takk til Microsoft for at eg fekk eigen epost i 2005. Den var grei å ha, og morosam å lese i 2017.