Skeiv litteratur er både spegel og vindauge
– Det beste du kan gjere for skeive barn og unge, er å gi dei ein spegel som viser dei at dei ikkje er åleine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bøker er både spegel og vindauge
– Eg hugsar den første boka eg las som hadde skeive karakterar og som også hadde ein lukkeleg slutt, fortel James Dickson omringa av bokhyllene på kontoret til Skeiv Ungdom.
Han snakkar om boka Boy meets Boy av David Levithan, som kom ut i 2004, då Dickson var 16 år gamal. Favorittboka hans, Two Boys Kissing, er av same forfattar, ei bok om unge gutar som på ulikt vis oppdagar kven dei er gjennom å kysse kvarandre, anten i protest, i glede, eller for første gang.
– Den er trist og djup og lukkeleg. Eg grein av dei sterke historiene, fortel 29-åringen, som har studert skeiv litteratur på universitetet i heimbyen Edinburgh i Skottland.
Vil ha fleire bøker om skeive
Dickson fortel at fram til 1950 hadde britiske og amerikanske forlag ein uskriven regel som sa at alle homofile karakterar anten måtte døy, verte innlagt på psykiatrisk eller på ein eller annan måte ende opp åleine.
Norma har gjort at lukkelege, skeive karakterar har mangla frå litteraturen i lang tid. Dei siste tiåra har skeive karakterar får større plass, også i bøker for barn og unge.
For barn og unge som tilhøyrer LHBT-mangfaldet, er det likevel ikkje tilstrekkeleg med bøker å velje mellom.
– Det hadde vore utruleg hjelpsamt om eg kunne ha lest om karakterar som likna meg sjølv som transperson då eg var tenåring, men det hadde eg ikkje, forklarar Dickson.
LES OGSÅ: Alle burde lese 12 bøker om homoar
Spegel og vindauge
Han siterer den prisvinnande forfattaren Junot Diaz, som i eit foredrag for studentar i 2009, sa at «If you want to make a human being into a monster, deny them, at the cultural level, any reflection of themselves.»
– Det beste du kan gjere for skeive barn og unge, er å gi dei ein spegel som viser dei at dei ikkje er åleine, og som forsikrar om at dei er akkurat den dei skal vere, seier Dickson, og får støtte av filolog og sakprosaforfattar Kristin Fridtun.
– Litteraturen kan både fungere som spegel og som vindauge. I litteraturen kan vi møte menneske som liknar oss sjølve på noko vis, og det kan vere viktig. Då oppdagar du at du ikkje er åleine om å kjenne eller tenke eller leve slik og slik. I litteraturen kan me òg møte folk og livsformer som er heilt annleis enn vår, noko som òg kan vere fint, forklarar Fridtun i ein epost til Framtida.no.
Kristin Fridtun forklarar korleis litteraturen fungerer som både spegel og vindauge. Foto: Silje Krager
Å lese bøker er også vist å kunne bidra til å gi auka empati. Dickson og Fridtun er samde om at det skjer spennande og bra ting i litteratur for barn og unge no for tida, men at det framleis er rom for fleire bøker om og med skeive karakterar.
Kjønnsrollebyte
I 2015 fekk forfattar Harald Nortunmykje merksemd for ungdomsromanen Eksperimentet. Boka handlar om tvillingane Amund og Amanda som kler seg om og byter både kjønn og roller medan dei er på sommarferie.
– Bakgrunnen for boka var at mange barn tenker tanken: «Kva om eg var det motsette kjønn?», forklarar Nortun på telefon til Framtida.no.
Eksperimentet blir til forviklingar når Amund og Amanda helsar på søskenparet i nabolaget, Silje og Stefan, og må halde fram med å vere kvarandre dei neste dagane. Tvillingane opplever at forventingane til kva det vil seie å vere gut og jente ikkje alltid passar med den dei er.
– Eg hadde lyst til å vise fram at folk er forskjellige, og synest det er viktig at det er eit breitt utval av litteratur for barn og ungdom, seier Nortun.
«Eg las ei bok og så vart eg homo»
Nortun er ikkje redd for at normbrytane litteratur for barn og unge skal påverke eller inspirere lesarane sine til å bli noko dei ikkje er.
– Om boka gir barn og unge nye tankar rundt kjønn, så synest eg det er veldig spennande, seier han, og får støtte av Fridtun.
– Eg har aldri høyrt nokon seie at: «Eg las ei bok og så vart eg homo», seier hen.
– Ei heltinne som forelskar seg i ei jente
Å finne ut kven ein er, er eit sentralt tema i litteratur for både barn og vaksne. I august kjem Linda Klakken med si første barnebok om temaet, kalla Dumme, dumme hjarte. Boka handlar om 12 år gamle Klara som opplever den første kjærleiken.
– Det startar ei ny jente i klassen til Klara, og alt blir snudd på hovudet. Det byr på pinlege, men også nokre fine situasjonar, seier forfattaren til Framtida.no.
Klakken understrekar at ho ikkje vil gjere noko poeng ut av at Klara er annleis.
– Ho er ei heltinne som forelskar seg i ei anna jente. Det skjer jo i den verkelege verda, kvar dag, over alt, seier ho, og fortel at noko av inspirasjonen til boka kjem frå jobben som skulebibliotekar.
– Dei skeive barna finnast også der, som på alle andre skular. Det er fint å sjå at det er fleire skeive karakterar som dukkar opp i barnelitteraturen. Nokre av oss er skeive og slik er det berre. «Get over it.»
LES OGSÅ: Ti skeive lesetips for barn og unge