Det er ikkje alle brettspel som er som Monopol og Risk. Enkelte spel blir ein aldri ferdig med.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Monopol og Settlers of Catan er enkle brettspel som svært mange kjenner godt, og desse tek sjeldan meir enn ein time å fullføre. Andre populære spel, som Axis and Allies og Risk, tek òg sjeldan meir enn tre til fire timar å fullføre. Men det finst spel som ikkje er som desse.

Å spele spel som i praksis er detaljerte simuleringar av den andre verdskrigen er definitivt ikkje for alle, men det finst likevel fleire hundre tusen spelarar av slike spel i verda. World in Flames er eitt av dei meir populære, med 60 000 selde eksemplar. Det omfattar krigen i heile verda og det tek gjerne 100 timar å fullføre.

LES OGSÅ: Er du meister i rein flaks?

Framsida til verdas mest detaljerte og langvarige brettspel. Foto: Spigames.net

Det som vanlegvis blir rekna som det mest ekstreme spelet vi kjenner til er The Campaign for North Africa, som tek for seg den italiensk-tyske invasjonen av Egypt i den andre verdskrigen. Du treng ti spelarar, fem på kvar side, til å flytte rundt på dei 1800 brikkene på det 3 meter lange brettet og handtere 71 sider med reglar og 84 tabellar for alt mogleg. Speletida på dette spelet har vorte rekna ut til å vere om lag 1500 timar, ettersom kvar runde, ei veke i spelet, tek omlag 8 timar. Rekna ut, skriv eg, fordi ingen kjenner til nokon som har spelt det ferdig.

Detaljnivået er ekstremt. Til dømes treng italienske soldatar pasta, om ein skal tru reglane, og pasta treng vatn… så om ein ikkje kan oppretthalde vatnleveringa til divisjonane sine i ørkenkrigen og dermed får for få pastapoeng i spelet, er det stor sjanse for at dei italienske soldatane deserterer eller i alle fall kjempar svært lite effektivt saman.

Store brettspel i Norge

Her i Norge har vi òg spelarar av ekstreme krigsspel som dette. Framtida møtte tidlegare leiar av Ares, spelklubben på Bjølsen i Oslo, Fred Førde. Han var leiar frå 1999 til 2006, og er framleis aktiv i styret.

– Kva er det som får folk til å drive med ekstremt langvarige brettspel om gamle krigar?

– Alle har litt ulik innfallsvinkel, men for meg så er det at eg er interessert i historie, spesielt krigshistorie. Spela er òg måten han som laga spelet har for å få fram korleis ting gjekk som dei gjekk. Eg kan freista å forbetre resultatet. Utforske andre måtar å utkjempe krigen på. Det er òg eit spel, med dei utfordringane og gledene det gjev.

For Førde er spela meir enn berre der og då, han tenkjar ofte ut kva han skal gjere neste gang.

– Spela gjev meg òg impulsar for å lese meg meir opp på temaet. Det har vorte mykje litteratur opp igjennom åra. Det er, kort sagt, ein hobby.

Gigantspel i full gang.
Foto: Håkon T Sønderland.

Førde vedgjev at dei fleste er over 30, men er ikkje med på at slike spel ikkje er noko for dei som er yngre. Dei har fleire medlem som er langt yngre enn dette.

– Eg starta sjølv når jeg var 15-16 år. Fleire andre byrjar i den alderen òg, men dei fleste kjem ikkje i gang før studietida når dei møter andre som er interesserte.

– Kva kjennskap har du til «The Campaign for North Africa»?

– Ikkje så mykje. En god ven av meg hadde spelet og hadde mora seg med å lese reglar og kan hende testspele litt. Men han var ikkje oppteken av å spele det. Dette er eit spel som tek logistikken på alvor der dei fleste spel tek det enkelt. Slik sett er det ei meir ekte simulering. I spelet skal ein ikkje berre manøvrere kampformasjonene men òg syte for nok forsyningar, spesielt vatn. Reglane dekker til og med problema dei allierte styrkane hadde før dei tok i bruk jerrykanner.

War in Europe og World in Flames favorittar

Førde har over 20 spel som vil ta fleire år å spele ferdig, men trekk særleg fram to spel. «War in Europe» frå tidleg 70-tal, eit spel med ganske realistiske verkty for spelarane og difor som oftast vil gje eit historisk resultat, men som samstundes klarar å vere spanande og utfordrande. Og «World in Flames», eit spel frå 80-talet som framleis ikkje er heilt ferdig. Dette er i mykje større grad eit spel med meir uhistoriske mogelegheiter, hevdar han, men har mange svært gode måtar å framstille ting på samanlikna med andre spel.

– Sjøkrigen i «World in Flames» er den som er best her. Sidan spelet har eit globalt fokus er det òg svært utfordrande å spele og eignar seg nok difor berre for ei gruppe med spelarar som tek på seg fleire rollar. To som er allierte og to som er aksen, til dømes. Vi har hatt så mange som 7 personar med, men det kan bli litt keisamt å vere Kina eller Frie Frankrike samanlikna med Japan og Sovjetunionen. Eg har sjølv eit halvt dusin fullførde spel under beltet av desse to spela, seier Førde.

LES OGSÅ: Monopol vart funne opp for å demonstrere kapitalismens svake sider

Fakta

Ares Bjølsen er ope for brettspeling for alle som vil i Sarpsborgsgata 7 på Bjølsen i Oslo.Det er stengt jul, påske og 17. Mai, men elles i året er det opent kvar onsdag. Søsterforeininga Ares Blindern er open kvar tysdag, men følgjer skuleåret. Dei siste åra har dei avhalde minst to eller tre helgespelingar pr halvår og julcon i desember. Ikkje verst for 150/50 kr i året.

Kjelde: Fred Førde/Ares Bjølsen.