Er du Hardangermeister i rein flaks?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du meister i rein flaks?

Fredag 17. mars er det klart for første utgåve av Hardanger Spillfestival i Odda. Festivalen skal kåra i alt 15 hardangermeistrar i alt frå Pokémon Go til rein flaks.

I tillegg skal det konkurrerast i meir tradisjonelle greiner som quiz, sjakk og poker.

– Det er ein del som skjer i Odda, vi har fleire festivalar kvart år. I mars har det brukt å vere stille, difor har vi lyst å fylle det tomrommet seier styremedlem og Pokémon Go-ansvarleg Håkon Tverdal i Hardanger Spillfestival.

I god tid før festivalen møttes initiativtakarane på Odda Frivilligsentral. Der var styret, arrangørane for dei ulike spela og kultursjefen i Odda kommune til stades. Tverdal fortel at målet med festivalen er å skape ei inkluderande hending som skal friste både barn, unge og vaksne ut av huset.

– Vi har veldig stor breidde i kva spel vi har på festivalen. Alt frå Fifa og Pokémon Go til sjakk og poker. Målet er at alle aldersgrupper skal kunne finne noko som passar for dei. Så ønskjer vi at det skal vere låg terskel for å melde seg på. Difor er det heller ikkje påmeldingsavgift.

LES OGSÅ: Går ikkje meir med Pokémon

Bilete 4
Håkon Tverdal har ansvaret for å arrangere Hardangermeisterskapen i Pokémon Go under Hardanger Spillfestival. Foto: Sondre Haukedal.

Stor Fifa-interesse
Arnt Olav Haugli er Fifa-ansvarleg og ungdomsrepresentant i festivalstyret. Han har tidlegare vore med å arrangere fleire lan-party i Odda og vart headhunta som arrangør til spelfestivalen.

– Eg fekk spørsmål om eg kunne tenke meg å vere med på å arrangere eit undomsarrangement på festivalen. Då falt valet raskt på Fifa, det er noko alle kan spele. I tillegg har vi eit stort miljø for det i Odda.

Haugli meiner det heilt klart kunne vore fleire arrangement for ungdom i Odda og er difor svært nøgd med at den nye spelfestivalen satsar ungt.

– Det viser at ein bryr seg om ungdom, og om det skjer mykje ein stad så er det meir attraktivt å både bu der og besøke staden. No startar vi opp i år, og så håpar vi at festivalen vil vekse dei komande åra. Hittil har vi ikkje reklamert så mykje utanfor kommunen, men det er ein grunn til at vi har kalla oss for Hardanger Spillfestival.

LES OGSÅ: Fem dataspel som utfordrar maktstrukturar

Bilete 5
Det er allereie over 200 påmeldte til dei ulike meisterskapane på den første utgåva av Hardanger Spillfestival. I åra som kjem håpar arrangørane at festivalen kan vekse. Foto: Sondre Haukedal.

Godt samarbeid
For Tverdal er festivalen sitt lokale preg og det gode samarbeidet med sponsorar og lokalt næringsliv viktig. Han fortel at festivalen ikkje har inntekter eller satsar på sal, men heller baserer seg på samarbeid med kommune og lokalt næringsliv.

– Vi kårar jo hardangermeistrar, difor ønskjer vi skikkelege premiar og pokalar. Det er det næringslivet som står for. Så får vi spesiallaga pokalar frå smedskulen i staden for å kjøpe masseproduserte pokalar på internett. Det er viktig for oss å skape litt liv og røre på ei tid der det skjer lite elles. Så er det klart at ein festival som dette ikkje får folk til å flytte hit, men vi håpar å kunne vere med å halde på dei som allereie bur her.  

Stort mangfald
Lage Thune Myrberget er kultursjef i Odda kommune og har samarbeidd tett med initiativtakarane til festivalen. Han er veldig nøgd med at innbyggarane i kommunen tar initiativ til festivalar.

– Det er superbra. Her går mange miljø saman om å skape noko stort. I staden for å ha mindre arrangement, blir det no ein skikkeleg festival. Det er i tillegg veldig stort spenn i kva spel som er her, så eg trur alle kan finne noko som interesserer dei. Sjølv skal eg delta på quizzen og shuffleboard, så vil eg sjå på Fifa-turneringa.

Myrberget ser potensial til at spelfestivalen på sikt kan få same status i lokalsamfunnet som det årlege litteratursymposiet.

– Symposiet starta på same måten med nokre initiativtakarar som brann for det, så har det blir stadig større og no er det noko heile Odda føler at dei eig og bryr seg om. 

LES OGSÅ: Første Nintendo Wii U-spel på nynorsk