Til søksmål om oljeutslepp

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøvernsorganisasjonen leverte inn meldinga til politiet måndag fordi han meiner utsleppa er å rekna som miljøkriminalitet. Søksmålet er retta mot «dei som vert funne ansvarlege», noko som er vanleg i Hellas når det ikkje er klart kven som har ansvaret for eit lovbrot.

Heile kystlinja utanfor Aten, mellom dei ei rekkje populære strender, er sølt til med eit tjukt lag med olje etter at eit tankskip sokk sundag for over ei veke sidan. Oljesølet har ramma både delfinar, skilpadder, og store mengder fisk og sjøfugl.

Greske styresmakter har fått kraftig kritikk for at dei ikkje sytte for å hindra at olja spreidde seg rett etter at skipet sokk. I staden fekk olja spreia til seg store område.

Tankskipet Agia Zoni II hadde 2.200 tonn brenselolje og 370 tonn marinegassolje då det sokk nær øya Salamis ved Piraeus (sjå faktaboks).

Saronic Gulf. Foto: Wikipedia.

Skipet låg for anker ved øya Salamis rett utanfor Aten, og det var godt vêr. Årsaka til at skipet sokk, er enno uviss. Både kapteinen og førstemaskinisten er sikta for aktløyse, ettersom dei var dei einaste som var om bord på båten då han sokk. Selskapet som dreiv skipet hevdar det var i god stand då det sokk.

– Dette er ein katastrofe, sa Fotis Yiamanis, busett i stranda i Faliro, til Reuters.
– Sjølv om olja forlèt vassoverflata, vil resten søkka ned og setja seg i sanden.

Skipet forsegla

Kystvakta sa at styresmaktene hadde forsegla skipsvraket tysdag og det ikkje rann ut meir olje. Tankbilar jobba for å rydda opp forureininga assistert av flytande kranar og offshore-forureiningsfartøy, hevda dei vidare.

Seint onsdag hevda generalsekretæren til skipsfartsdepartementet, Dionysis Kalamatianos, til Skai TV at forseglinga av skipet var «nesten fullførd».

Dei motstridande utsegnene har fått mange til å tru at styresmaktene ikkje berre hadde undervurdert omfanget til lekkasjen og difor kasta bort verdifull tid som burde ha vore nytta for å handtere han.

Torsdag, fire dagar etter at tankskipet sokk, vart ordførarane i forstadane sør for hovudstaden tvinga til å lukka strender grunna helsefare.

LES OGSÅ: Oljesøl får fisk til å oppføre seg som fulle folk

Rein om 20-30 dagar

Kysten vil vera rein om 20-30 dagar, forsikra den assisterande greske skipsfartsministeren Nikos Santorinios til newsbomb.gr.

Nokon tenestemenn seier at oppryddinga kunne kome til å ta så mykje som fire månader – mykje lenger enn dei 20 dagane Kouroumblis snakka om. I Glyfada, ein forstad til Athen der flytande dammar har vorte sett opp og kjemikaliar vert brukt til å oppløysa olja, sa ordføraren Giorgos Papanikolaou at 28 tonn var fjerna berre frå ei einaste strand.

Bilete av svartmåla daude skilpadder og fuglar understreka den økonomiske og miljømessige effekten, og ekspertar trur at det kan ta år før området er heilt reint att.

Mange opne spørsmål

Dimitris Karavellas, leiaren av WWF Hellas, meiner det er «mange opne spørsmål» om korleis ulukka skjedde.

– Det er miljøkriminalitet, det er den verste lekkasjen på mange år, og styresmaktene er heilt klårt ubudde på å handtere dette. Det er svært viktig at ein presedens blir sett, at dei ansvarlege vert haldne ansvarlege, at dei må betala for skaden, og at det er vurdert rett, fortalde han til The Guardian.

Miljøgruppa sa òg at katastrofen markerte fara for framtida.

– Om styresmaktene ikkje klarer ei relativt «kontrollert» hending utanfor den største hamna i landet, er det vanskeleg å forestille seg korleis ei mykje større hending på ein oljeplattform ville ha vorte handtert, seier Karavellas.

Kjelder: Wikipedia,Reuters, Greece/Greekreporter.com, Youtube/TRT World, The Guardian, Newsbomb.gr

LES OGSÅ: Fleire vel klima framfor olje

 

Piraeus

Pireus var hamna til Aten i antikken og vart vald som den moderne hamna då Athen vart grunnlagd på ny i 1834.

Ho er den største hamna i Europa (og den tredje største i verda) med omsyn til passasjertransport, og handsamar om lag 19 millionar passasjerar årleg.

Kjelde: Wikipedia.