Solcelleanlegg blir tilgjengeleg i butikk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solcelleanlegg til norske hustak frå selskapet Otovo skal seljast i Elkjøps butikkar, skriv Dagens Næringsliv.

I fjor vart det installert tre gonger så mykje solkraft på bustader og åtte gonger så mykje på næringsbygg, om ein reknar effektkapasitet ved standard testforhold, viser ein analyse frå Multiconsult. I Sverige og Danmark er tala mykje høgare.

Elkjøp har merka ein stadig større etterspørsel etter solcelleanlegg, særleg i søk i nettbutikken deira.

LES OGSÅ: Solenergi veks mykje meir enn venta

Solcellekjøparane kan delast inn i tre grupper, meiner ein av gründerane bak Otovo, Andreas Thorsheim.

– Du har dei som ønsker å vere innovative og vil ha alt nytt, så har du miljøvernarane og til slutt dei økonomi-interesserte.

– Den sterkaste indikatoren på at du vil kjøpe solceller, er at du eig elbil. Den nest sterkaste er at naboen har, legg Thorsheim til.

LES OGSÅ: Solengergi er like effektivt i Noreg som i Tyskland