Kva no, Catalonia?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 04.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I den spanske landsdelen nordaust i landet har dei allereie mykje sjølvstyre, ei sterk nasjonalkjensle og sitt eige språk. For kort sidan gjekk 1,8 millionar i gatene i Barcelona, og ei folkeavstemming om sjølvstende-spørsmålet er planlagd 9. november. Men det er mykje som er usikkert.

LES OGSÅ: Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

Blir det noko av?
Dette er kanskje det mest sentrale spørsmålet når det kjem til frigjerings-kampen i Catalonia. Sjølv om det er meir interesse for sjølvstende no,  er vegen lang.

Det er til dømes mykje usemje rundt sjølve folkeavstemminga 9. november. Den spanske regjeringa i Madrid nektar å anerkjenna verken avstemminga eller det potensielle resultatet.

– Verken føremålet eller framgangsmåten med avstemminga er i pakt med den spanske grunnlova, sa statsministeren i Spania, Mariano Rajoy på spansk tv måndag. Saman med regjeringa klaga han forslaget om folkeavstemminga inn til grunnlovsdomstolen for å få den avbroten. No har og grunnlovsdomstolen sagt at folkeavstemminga må utsetjast til dei har fått ta stilling til om folkeavstemminga kan gjennomførast eller ikkje.

Men kva gjer avstemminga grunnlovsstridig?

– Det enklaste er å samanlikna med spørsmålet om EU-medlemskap her heime, seier Marcus Buck, instituttleiar for Instituttet for sosiologi, statsvitskap og samfunnsplanlegging ved Norges Arktiske Universitet (UiT).

Då det var folkeavstemming her heime om EU-medlemsskap var ikkje dette bindande, men rådgivande for Stortinget. Basert på resultatet kunne då stortingsrepresentantane bestemma om dei ville følgja folket eller gå imot – og slik er situasjonen i Spania òg.

– Poenget er at dei kan ha så mange folkeavstemmingar dei berre vil, men det vil framleis berre vera rådgivande ifølgje grunnlova. Dei vil ha ei bindande folkeavstemming, men det finst ikkje i grunnlova. Parlamentarisme er parlamentarisme, seier Buck.

Problemet vil då vera at i det spanske parlamentet er dei catalanske representantane i sterkt mindretal, og avstemminga vil i praksis vera meiningslaus.

– I Storbritannia har dei ikkje ei nedskriven grunnlov, og difor kan dei ha så mange folkeavstemmingar dei ønskjer, legg Buck til, og forklarar difor kvifor grunnlova ikkje vart diskutert under Skottland sin kamp for sjølvstende i år.

LES OGSÅ: Skottland: fleirtal mot sjølvstende

Verdiskapings-blues
Eit gjengangar for separatistrørsler rundt i Europa, og dei er det mange av, er at områda som vil ut står for mykje verdiskaping. Slik var det til dømes i Skottland, med olje- og gass i Nordsjøen.

Slik er det og med Catalonia, men mykje er politisk retorikk, meiner Marcus Buck. Men den økonomiske krisa i Spania har nok påverka engasjementet for lausriving, som tradisjonelt ikkje har vore så sterkt.

– Andelen i Catalonia som vil ha uavhengigheit har vore på rundt ein tredjedel dei siste førti åra. Det som gjer at det i nokre meiningsmålingar er nær halvparten no er den økonomiske krisa og folk som ikkje vil bli styrt av Madrid.

LES OGSÅ: Derfor fryktar Spania skotsk ja

Vil dei eigentleg ut?
Nasjonalistrøyrsla og nasjonalkjensla står sterkt i Catalonia, med eige flagg, språk og eit fotballag i Barcelona som løftar opp dei katalanske verdiane ved kvar anledning. Men Buck meiner at biletet om at alle katalanarane no vil ut frå Spania er sterkt overdrive. Han tenkjer spesielt på rapportane om at 1,8 millionar menneskjer demonstrerte i gatene i Barcelona for kort tid sidan.

– Det er berre slett journalistikk å seia at alle dei vil ha eit sjølvstendig land. Å samla ein million menneskjer har dei gjort kvart år på nasjonaldagen i mange år. Veldig mange som reknar seg som katalanske vil ikkje ha uavhengigheit, og samstundes er det mange som ikkje er katalanske som ønskjer uavhengigheit, seier Buck.

LES OGSÅ: Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland

Alt eller ingenting
Han forklarar at forholda rundt har hatt mykje å seia for at det i det heile har komme så langt. Separatistrørslene i Skottland og Catalonia er på ingen måte unike, i alle fall ikkje i Europa. Det kryr av grupper med sterk nasjonalkjensle. Det som er spesielt er ønsket om full lausriving.

Buck meiner at spørsmålet om full lausriving ofte kjem av at separatistrørslene malar seg opp i eit hjørne, og dette kan sporast tilbake til Quebec. Regionen i Canada har fleire gonger hatt folkeavstemming om sjølvstende, men spørsmåla har vore så uklare at det internasjonale samfunnet har kravd klarheit eller at alt blir som før. Difor var spørsmålet i Skottland så rett fram – «skal Skottland bli eit uavhengig land?»

– Separatistrørslene vil som oftast berre ha eit forhandlingskort for fleire rettar, seier Buck. – I Skottland ville Salmond ha folkeavstemming, men ikkje med ordlyden som bedde folk ta stilling til anten full uavhengigheit eller status quo. Han ville ha fleire og meir vage alternativ, legg Buck til.

LES OGSÅ: Kjære diktator!

Faktaboks

 

• Catalonia er ein landsdel nordaust i Spania.
• Landsdelen har sitt eige flagg og språk, og har ei sterk nasjonalkjensle som har eksistert sidan dei vart innlemma i Spania. Catalonia feirer og sin eigen nasjonaldag 11. september.
• 11. september i år gjekk 1,8 millionar i tog. Mange har sett på dette som eit stort brøl etter sjølvstende, men Marcus Buck fortel at store folketog på denne dagen ikkje er uvanleg.
• Catalonia er den rikaste delen av Spania, med Barcelona i sentrum. Dette, saman med den økonomiske krisa Spania har vore gjennom, har kasta bensin på bålet i sjølvstendekampen.
• Tradisjonelt har rundt ein tredjedel av det katalanske folket vore for lausriving, men nokre meiningsmålingar i det siste har vist at nærare halvparten vil bli sjølvstendige.
• 9. november i år skal det etter planen haldast ei folkeavstemming om katalansk sjølvstende. Regjeringa i Madrid meiner det strir mot grunnlova, og grunnlovsdomstolen skal no vurdera saka.
• Grunnen til at folkeavstemminga strir mot grunnlova er at den katalanske regjeringa vil at ho skal verta bindande, slik som i Skottland. I eit parlament vil ei folkeavstemming vera rådgivande for representantane i parlamentet, framfor ei faktisk avgjersle.
• I dag bad den spanske grunnlovsdomstolen katalanarane om å venta med folkeavstemminga til spørsmålet om ho er grunnlovsstridig er avklart.