Fleire droppar bil og vel elsykkel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sykkelpikene i Stavanger har éin elsykkel igjen, og leverandøren i Tyskland er tom, melder Rogalands Avis. Spinn Sykkelshop har liknande erfaring:

– På enkelte modellar har vi hatt leveringstid på fleire månadar. Rett og slett fordi verken vi, eller leverandøren, hadde rekna med så godt sal, seier seljar Tomas Rugland Wereide.

– I år har det vore ein kamp å få tak i elsyklar, og enkelte modellar er vi tomme for, seier eigar Jan Arvid Haarr i Sykkelcenteret.

LES OGSÅ: – Elsykkel kan bli ein konkurrent til bilane

Transport, ikkje sport
Erfaringa hos leverandørane er at brukargruppa er blitt breiare og at fleire no droppar bil nummer to og kjøper elsykkel i staden. Inntrykket blir bekrefta av Hulda Tronstad, seniorrådgjevar for elektrisk mobilitet i Norsk elbilforening:

– Elsykkelen kjem til å bidra sterkt til å oppfylle målet i Nasjonal transportplan om at sykling skal utgjere 8 prosent av den daglege transporten i landet innan 2023. Hovudpoenget er å vri folk frå bil til elsykkel, seier ho til NTB.

Ho meiner sportsbransjen har sove i timen ved ikkje å føresjå utviklinga:

– Då elsyklane kom, var det mykje snakk om at dette er juksesykling. Men poenget er ikkje å få folk som syklar til å bytte. Dei kan berre fortsette, dei. Vi skal ha dei som ikkje syklar til å komme seg på setet. Dette handlar om transport, ikkje sport, seier Tronstad.

LES OGSÅ: Syklar dobbelt så mykje med elsykkel

Store volum
Verken Elbilforeningen eller bransjen har eksakte tal over salet av elsyklar i Noreg, men foreininga anslår eit sal i fjor på omtrent 20.000 elsyklar, ei dobling frå året før. Det er forventa ny dobling i år.

Clas Ohlson er ei av kjedene som har satsa på rimeleg elsykkel for transport, med stor suksess:

– Vi sel store volum og dobla salet i fjor. I år er auken 10 prosent, noko vi er veldig fornøgd med, sett i lys av at vi sel mange elsyklar, seier pressekontakt Camilla Tully.

Dei er ikkje utselde i år, fordi dei har eit stort lager å hente frå i Sverige:

– Vi noterer oss godt sal over heile landet, på byen og på landet. Best sel vi i Bergen, utan at vi heilt veit kvifor. (©NPK)