Frp vann valkampen på sosiale medium, viser undersøking

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klassekampen har henta inn tal frå to kjelder som viser gjennomslagskrafta til partia på sosiale medium. Oversikta over dei mest delte nyheitssakene frå analyseselskapet Storyboard, viser at Frp lykkast med sin strategi om å få innvandring og kriminalitet høgt opp på dagsorden.

Ei undersøking frå Reuters Institute i år viste at 53 prosent av alle nordmenn orienterer seg i nyheitsbildet via sosiale medium som Facebook, Twitter og Snapchat.

Av dei ti sakene som vart mest delt og fekk flest likarklikk og kommentarar i sosiale medium i september, handla fem om innvandringsminister Sylvi Listhaug. To handla om utspel frå justisminister Per-Willy Amundsen.

 – Det er nok høgresida med Frp som har tent mest på dette, fordi det er Frp som har eigarskap på innvandringssaker og har interesse av at temaet kjem høgt på dagsordenen, seier medieforskar Bente Kalsnes ved Høgskolen i Oslo og Akershus.