Røyst Høgre!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

LESARBREV: Då vi tok over etter dei raudgrøne i 2013, lyste dei fleste varsellamper raudt. Helsekøen var rekordlang, ein mangla ein offensiv politikk på klima, 1 av 3 droppa ut av vidaregåande skule, 1 av 5 gjekk ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg, 8000 gardsbruk var lagt ned, 4000 heiltidsbønder hadde gitt opp og 5 lokalsjukehus lagt ned. Samstundes som dette var røynda, hadde dei romslege budsjett og tidenes handlingsrom til å investere og motverke denne trenden. I staden såg vi stillstand. Med Høgre i regjering peikar pilane no i riktig retning.

Fråfallet i skulen er noko ein må jobbe aktivt med heile tida. Vi har alle ein ven som synest skulekvardagen er tung, ser ikkje meininga med å vere til stades på skulen. Den beste gjerninga ein kan gjere med ungdomen, er å sørgje for at vi fullfører skulen, og anten kjem oss ut i lærlingplass eller til høgare utdanning. Difor har vi i regjering gjeve ein helsemilliard til fleire helsesøstrer og kommunepsykologar, auka lærlingtilskotet fem gonger med 21 000 kr, redusert fråfallet i vidaregåande skule og fått ned fråværet med 40%. Eg tykkjer det er merkeleg at dei raudgrøne framleis stiller spørsmål ved om fråversgrensa har funka eller ikkje. Når elevane er meir til stades, lærer dei meir. Korleis skal vi elles få fanga opp dei som slit med motivasjon eller psyke om dei ikkje er på skulen? I tillegg er det svært positivt at fleire får karakter i fag enn tidlegare. Men det aller beste, er at no fullfører fleire som går yrkesfag.

Mange tusen barn og unge opplever mobbing i skulekvardagen. Som gruar seg til å gå på skulen, gruar seg til å møte blikka til medelevane og kanskje har dei ein lærar som ikkje tek tak ved fyrste mistanke. Difor har vi no innført nulltoleranse mot mobbing. Dei raudgrøne fjerna også mange mobbeprogram i skulen, når dei sat i regjering. Desse har vi teke inn att, fordi vi veit at mobbing må kjempast mot kvar einaste dag.

Å få hjelp når du faktisk treng den, er hjartesaka til Høgre. Vi gjekk til val på å redusere helsekøen. Den er no gått ned med 70 000, det betyr at langt fleire no får hjelp fortare. Vi har innført fritt behandlingsval som seier at du skal få kome til der det er ledig kapasitet, anten det er privat eller offentleg. Det beste med det er at staten tek rekninga. For ein rusmisbrukar eller anorektikar betyr dette mykje. Helseminister, Bent Høie, forklarer det enkelt: «Arbeiderpartiet sier de vil vrake fritt behandlingsvalg. Vel, jeg kunne ønske de fikk hilse på Odin. Odin (6) har celebral parese. Han drar til Bergen for å trene hos Barnas Fysioterapisenter. Siden tilbudet er privat, måtte foreldrene til Odin betale for det selv. Nå har vi utvidet fritt behandlingsvalg. Det betyr at Odin og hans foreldre får større frihet til å velge den behandlingen som er best for dem – og regningen tas av det offentlige. Fritt behandlingsvalg er viktig for mange.»

Ja, det betyr noko kven som styrer. Det betyr om det er ein statsminister frå Vestlandet som evner å ta tak i dei store utfordringane. Vi har vore gjennom tidenes migrasjons- og oljekrise. Likevel går arbeidsløysa ned, fleire vert integrerte med at dei får jobb og bustad, klimagassutsleppa gjekk ned med 500 000 tonn i fjor, veksten går opp, fleire gjennomfører skulen, fleire får lærlingplass, færre står i helsekø, elevane lærer meir på skulen, 400 nye helsesøstrer er på plass. Eg trur ikkje skremselspropaganden til dei raudgrøne festar seg hjå veljarane; fordi veldig mykje går bra i Noreg. Dei raudgrøne manglar løysingar for Noreg og vinglar i dei store spørsmåla avhengig av kvar i landet dei er på valkampturné. Difor er dykk nøydd å røyste Høgre, slik at vi kan halde fram med å ta Noreg i riktig retning.