Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 18.10.2017 22:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Så mykje av dagens media framstiller det å vere svart som å vere kul eller flink til å danse, å vere sterk og feilfri, eller å rett og slett vere ute av kontroll. Eg er ingen av desse tinga.»

Issa Rae var lei av den trongsynte representasjonen av afro-amerikanarar i media. Derfor byrja Rae å lage «mokumentar» webserien Dorm Diaries i 2007 medan ho var student på Stanford University i California. Serien tok føre seg opplevinga av å vere svart i hovudsakleg kvite universitetsmiljø. Det var noko unikt med serien. Opplevinga vart ikkje framstilt som konstant tragisk og var elles ikkje stappfull med stereotyper. Dorm Diaries kapra nyansane av opplevinga frå innsida. Tanken var at dei som kom til å sjå serien skulle kjenne seg att i den og kunne mimre over sine eigne, liknande erfaringar.

Rae hadde alltid har stor lidenskap for film og manusskriving. Med suksessen til Dorm Diaries vart det kunstnariske synet hennar skarpare; ho merka at ho hadde eit talent for å framstille kvardagslivet til svarte menneske på eit realistisk, men framleis underhaldande, vis.

Eg vart personleg kjend med Rae gjennom hennar tredje webserie, Misadventures of Awkward Black Girl i 2011. Den kom opp under fana for «tilrådde videoar» på YouTube og av ein eller annan grunn, klikka eg på den. Den fyrste episoden varte i berre 3 minutt og 40 sekund, men eg hugsar at eg lo tvers gjennom. Det var uvant å sjå noko som reflektera både humoren min og mange av opplevingane mine som ei ung svart kvinne. Kvar veke sat eg og venta på at nye episodar skulle bli lagt ut. Eg surmula og klaga til familie og vener når det var pausar. Eg tvinga dei til å sjå episodar med meg. Eg var rett og slett heilt besett. Eg hadde alltid identifisert meg med dei to adjektiva i tittelen – «awkward» og «black», og ofte kjend meg einsam som resultat. No fekk eg vite at det var mange andre som gjorde det òg. Gjennom serien vart eg kopla inn i eit virtuelt samfunn av likesinna menneske rundt verda.

LES OGSÅ: Ikkje lik alle andre

10 år etter ho skapa sin fyrste webserie fekk Rae endeleg det store kommersielle gjennombrotet med serien, Insecure på HBO i 2016. Serien er ei vidareutvikling av Awkward Black Girl, der Rae spelar hovudfiguren. Teamet bak serien inkluderar Prentice Penny (tidlegare manusforfattar for Scrubs og Girlfriends), Melina Matsoukas (regissør for Beyonce sin Formation musikkvideo) og musikklegenden, Raphael Saadiq. Det er ikkje overraskande at Insecure allereie har hatt ein stor kulturell verknad.

«Eg har ikkje laga denne serien for kvite folk, eg har ikkje laga den for menn; eg laga den for vennane mine og familien min og for deira særskilde sans for humor.»

LES OGSÅ: Våre beste serietips

Sjølvsagt synast Rae det er kjekt å høyre at folk frå alle bakgrunnar likar og kan kjenne seg att i seriane hennar. Men med Dorm Diaries, Awkward Black Girl og Insecure viser ho at det er mogleg å lage historier som kan vere kulturelt særeigne og universelle på same tid. Det er noko som ikkje-dominante grupper har lært seg for lenge sidan; at ein kan nyte kulturelle innspel frå andre grupper med respekt og ei forståing om at det samstundes ikkje tilhøyrer ein.

I august vart Insecure fornya for sesong 3. Du kan sjå serien kvar måndag på HBO Nordic.

LES OGSÅ: Desse jentene må du sjå!