Svein Olav Langåker, Runar Mæland, Andrea Nøttveit, Åsmund Eikenes
Svein Olav Langåker, Runar Mæland, Andrea Nøttveit, Åsmund Eikenes

Er du lei av ribbefeitt, «Hjelp, det er juleferie!» og «Bad Santa»?

Fortvil ikkje! Her er 11 tv-seriar som vil gje deg ei god avslutning på 2016!

Åsmund H. Eikenes anbefaler:


Australske Josh Thomas i rolla som Josh i tv-serien han sjølv har skrive. Foto: Pivot

Netflix: «Please Like Me»

Kva om Isak og Even var 21 år gamle, budde i Australia og snakka saman?

Den australske dramakomedien «Please Like Me» er skrive av Josh Thomas, som sjølv speler hovudrolla Josh i serien. Josh og romkameraten Tom er i starten av 20-åra, og prøver å finne ut av korleis dei skal handtere vaksenlivet. Dei strevar mellom anna med å finne og halde på kjærastar, med skilde og ustabile foreldre, nye og gamle vener, og mangel på handfaste framtidsplanar. Krisp dialog, lun humor, solide skodespelarprestasjonar og ikkje-perfekte karakterar gjer dette til ein av dei beste TV-seriane eg har sett på lenge.


Kva skjer når Cal (Kit Williamson) finn ut at kjærasten Thom (Van Hansis) har vore utro? 

Netflix: «EastSiders»

Kva om Isak og Even var 27 år gamle, budde i Los Angeles og måtte handtere utroskap?

I bydelen Silverlake i Los Angeles bur Cal og Thom, som må finne ut om dei vil halde saman som kjærastar eller om det er over mellom dei. Serien er skrive av Kit Williamson, som også spelar rolla som Cal. Dette er hipster-versjonen av HBO-serien «Looking». Både sesong 1 og sesong 2 var finansiert av kampanjar på Kickstarter. Serien er ein del av ei bølgje av web-seriar laga av unge skribentar som skildrar kvardagsliva sine.


Vanessa Ives (Eva Green) har med seg Ethan Chandler (Josh Hartnett) og Dr. Frankenstein (Harry Treadaway) i jakta på det overnaturlege. 

HBO/Netflix: «Penny Dreadful»

Kva om Noora og William budde i London i 1850?

Kva har Frankenstein, varulvar, vampyrar, hekser og 1850-tals London til felles? Jo, dei er viktige ingrediensar i serien der Eva Green og Josh Hartnett innehar to av hovudrollene. Saman med ein handfull medhjelparar løyser gjengen overnaturlege mysterium medan dei sjølve også er komplekse mysterium. Tre sesongar med tydeleg drive og høg kvalitet utan å bli klisjefylt gjer «Penny Dreadful» til ein mørk sci-fi serie det er verdt å sjå.

Andrea Rygg Nøttveit anbefaler:


Hannah Murray i rolla som Cassie Ainsworth i første sesong av britiske «Skins», som òg er laga i amerikansk versjon.

Netflix: «Skins»

Kos deg med britiske «Skam»!

Om du verkeleg saknar «Skam» er dette den einaste kuren. På Netflix finn du ikkje mindre enn sju sesongar med britisk tenåringsdrama, som tek for seg alt frå eteforstyrringar til homofili og islam. Serien inneheld betydeleg meir dop og festing enn «Skam» og framstår difor som råare. Seinare har skodespelarane spelt i alt frå  «Game of Thrones» til «Slumdog Millionaire», så her skortar det ikkje på talent!

 

 
Issa Rae i rolla som Issa Dee er ei av mange serieskaparar som lagar realistisk kvardagshumor.


HBO: «
Insecure»

Usikker på livet, kjærleiken og alt anna? Du er ikkje åleine!

Issa Rae (eigentleg Jo-Issa Rae Diop) viste så gode takter med YouTube-serien «The Misadventures of AWKWARD Black Girl» at ho like godt fekk sin eigen HBO-serie. 31 år gamle Issa Rae speler Issa Dee, ei ung, amerikansk kvinne i slutten av tjueåra, som strevar med å finna ut av livet. På solsida i California tek ho både kvardagsrasisme og millenials på kornet og det er umogleg å ikkje bli glad i Issa når ho rappar til seg sjølv i spegelen. Kos deg med heile sesong 1 og gled deg til sesong 2!


Sam Fox (Pamela Adlon) er ei skilt trebarnsmor med ironisk humor og ein haltande skodespelarkarriere. 

HBO: «Better Things»

Går ikkje alt som det skal verken i familien eller på karrierefronten? Møt Sam!

Pamela Adlon har fått med seg komikar Louis C.K på denne feelgood-komedien, som skriv seg inn i tradisjonen etter seriar som «Seinfeld» og «Louie». I sistnemnde spelte ho Pamela, dama til Louie, i ein serie om ein komikar og skilt småbarnsfar sin kvardagskamp. I «Better Things» speler Adlon Sam Fox, ei fråskilt mor til tre jenter og avdanka sexsymbol, som går på audition etter audition. Òg her kan du glede deg til sesong 2, som allereie er stadfesta.

Svein Olav Langåker anbefaler:


Regissør David Lynch gjorde sjølv ei lita rolle i «Twin Peaks», her med Shelly Johnson (Mädchen Amick). 

HBO: «Twin Peaks»

Er du klar for «Twin Peaks» anno 2017?

18 fredagskveldar i 1990 og 1991 var gatene i Noreg folketomme. «Alle» var heime og såg på «Twin Peaks». Til våren, etter over 25 års pause, kjem tredje sesongen av tv-serien, som for mange blir rekna som stamfaren til den moderne tv-serien. «Forbrytelsen»/«The Killing», «Bates Motel» og «Psych» har alle henta inspirasjon frå den legendariske serien til David Lynch og Mark Frost.

Dei første to sesongane av «Twin Peaks» har er eit fargerikt persongalleri, er til tider hysterisk morosam, grøssande spennande og spinnvilt surrealistisk. Ta ein tur attende til Twin Peaks i romjula!


Foto: Netflix

Netflix: «The Americans»

Spionthrilleren er blant dei mest kritikarroste på Netflix, og det er ikkje utan grunn. Me følgjer ein familie på fire i USA på 80-talet. Mor og far er hemmelege KGB-agentar, og snik seg ut i natta for dekkoperasjonar, spionering og atentat. Dei første tre sesongane er tilgjengeleg på Netflix og fjerdesesongen skal liggja på amerikansk Itunes.

Runar B. Mæland anbefaler:

Netflix: «BoJack Horseman»

Ein serie om suksess, tap, aldring og melankoli – med ein hest, ein katt og ein hund i tre av hovudrollene. BoJack Horseman er ei falma og forbitra Hollywood-stjerne, kjent frå 90-tals-familie-sitcom-en «Horsin’ Around», og i «BoJack Horseman» følgjer me vegen hans tilbake til rampelyset og kjendislivet gjennom ein skandaløs biografi og ein ny storfilm.

Ein original og svært morosam animasjonsserie med ei fin blanding av tørre dyrevitsar, skarp satire og mørk, mørk humor.


Både tittelen på serien og dette biletet er inspirert av den norske malaren Christian Krogh sitt motiv frå seint 1800-tal. Foto: Thomas Ekström/NRK

HBO: «Kampen for tilværelsen»

Kva rører seg eigentleg bak fasadane i Ullevål Hageby?

Viss du gjekk glipp av denne prisløna serien då han gjekk på NRK, kan du no få han med deg på HBO. I «Kampen for tilværelsen» følgjer me den unge, polske filologen Tomasz, som tar seg til Oslo for å spore opp far sin i eit forsøk på å skaffe pengar. Raskt blir me vikla inn i kvardagsdramatikken som utspeler seg i øvre middelklasse-oasen på Ullevål.

Ein komisk, ofte absurd og burlesk dramaserie med skarpe miljøskildringar, botnsolid skodespel og eit manus der forfattar Erlend Loe har sett sitt tydelege preg.

Fleire amerikanske medieprodusentar har vist interesse for norske «Dag». I 2011 vart serien seld til statene med ein tidsfrist som gjekk ut etter eitt år, men no ser det ut til at serien blir teke til Seattle.

Netflix: «Dag»

Atle Antonsen i rolla som den kyniske samlivsterapeuten som meiner alle bør gjere som han – gi opp kjærleiken og leva einsam – er noko av det beste som har gått på norsk tv.

Som «Kampen for tilværelsen» og «BoJack Horseman» er «Dag» ein serie som blandar absurd komikk med djupt og eksistensielt alvor, særleg utover i sesongane. Det som til å byrja med kan verka som ein lettvint komiserie blir til eit skarpt karakterdrama etter kvart som me kjem tettare inn på Dag og forholdet hans til Eva og Benedict.

Oppdatert: måndag 18. desember 2017 19.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE