Pedagogisk dyktigheit – like viktig som fagleg kompetanse

Henrik Engevik Hatlevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Etter 11 tilbakelagde år i norsk skule har eg vore borti ein del forskjellige lærarar. Nokre har gjort eit godt inntrykk på meg, andre kan eg ikkje seie det same om. Ein ting dei gode lærarane har til felles, er at dei ser oss elevar som menneske, tar seg god tid til kvar og ein av oss og legg til rette for at me skal få lyst til å lære. Dette skal eg diskutere vidare i teksten.

Eg meiner at alt for mange lærarar er besette av å gå gjennom mest mogleg pensum på éin skuletime, for så å ha ein stor prøve som dekkjer ein størst mogleg del av læreplanen. I denne jakta på å komme i mål med alt som skal gåast gjennom blir ofte undervisninga uklar og elevane sit igjen utan noko utbytte av timen. Dette bør det gjerast noko med.

Som eg nemnde i innleiinga har elevar mest utbytte av timar der læraren legg til rette for engasjement og læring samstundes som den forsikrar seg om at alle skjønar kva som vert gjennomgått før neste del av pensum vert angripe. Ein lærar kan ha all verdas kompetanse i faget, men utan pedagogisk dyktigheit går ofte motivasjonen blant elevane tapt og læringsutbyttet dei sit igjen med etter timen søkk. Eg meiner det burde vere eit minstekrav i norsk skule om ein pedagogisk kompetent lærar som ser elevane som enkeltindivid og respekterer vårt velvære samstundes som den legg til rette for god læring i timane.

Når engasjementet og læringsutbyttet går ned, kva skjer då? Jo, då går fråværet opp. Om ein tenkjer at ein ikkje har utbytte av å møte opp i ein time, og heller kan gjere noko meir fornuftig vert det for enkelte ein utveg å skulke denne timen. Som elev ved vidaregåande skule kan eg sjå visse samanhengar mellom umotiverte elevar, elendige lærarar og fråvær. Her bør både politikarane og skulen ta tak og gjere ein forskjell til elevane sitt beste! Med Høgre i regjering ser ein klare samanhengar mellom fråværsgrensa, høgare krav til lærarane, og lågare fråvær. Denne utviklinga vil eg sjå fortsette og forme ein enda betre skule for elevane.

Eg har ein lærar som eg meiner er eit prakteksempel på korleis ein god lærar som legg til rette for læring bør vera. Denne læraren veit at me elevar ikkje er nokre olja læringsmaskinar, skjønar kvifor dagens ungdom vert kalla «generasjon prestasjon», og respekterer dette. Denne læraren legg til rette for læring gjennom variert undervising der me får jobba i vårt eige tempo, samstundes som me har eit visst press på oss. Dette skal eg forklare nærmare i neste avsnitt.

Eg meiner ein metode læraren som eg har fortald om over brukar aktivt, er ein ideell metode for å få elevane i klassen til å konsentrera seg om arbeidet som skal bli gjort. Metoden går som følger: Elevane får tildelt ei skriveoppgåve, eit oppgåvesett eller ei framføring som skal forberedast. Deretter skal alle som er til stades i timen jobbe intenst med oppgåva utan å bruke mobiltelefonen eller snakke med andre elevar om ting som ikkje omhandlar faget. Elevane jobbar på denne måten i ein gitt tidsperiode og mot slutten av denne tidsperioden får alle fri i rundt 10 minutt til å tekste, sjekke Facebook etc. før læraren summerer opp timen og alle får gå. Eg har erfart at denne metoden aukar arbeidsinnsatsen til den enkelte elev, noko som og resulterer i betre kvalitet på arbeidet som vert gjort. Dette skyldast sannsynlegvis at elevane får arbeide i sitt eige tempo samstundes som det underligg eit visst press på at mest mogleg skal verte gjort. Dei siste minutta fri er og ein stor motivasjon til å arbeide med oppgåva som er gitt.

På grunnlag av alt dette seier eg JA til ei pedagogisk kvalitetssikring på alle lærarar på lik linje med kravet om fagleg kompetanse. Eg seier ja til ein skule med nok ressursar og gode nok lærarar til at elevane skal bli sett og få undervising tilpassa sitt eige nivå – med utfordringar som gjer at elevane utviklar ein enda meir omfattande kompetanse i faget.

Eg føreslår at det bør verte gjennomført ei elevundersøking kvart halvår der elevane skal vurdera kvar enkelt lærar og kome med innspel på kva denne læraren kan gjere betre. Om læraren ikkje innrettar seg etter det elevane meiner er best for deira læring og trivsel bør dette få konsekvensar for læraren. Eg seier sjølvsagd ikkje at det er læraren sitt eineveldige ansvar om elevane sluntrar unna i timane, men ei av lærarens viktigaste oppgåver er å leggje til rette for at elevane skal gjere sitt beste og lukkast i faget det blir undervist i.

Eg seier difor JA til at pedagogisk dyktigheit bør sjåast som like viktig som fagleg kompetanse. JA til elevvurdering av alle lærarar, og JA til ein skule som set kvaliteten på lærarane og læringsutbyttet til elevane i fokus. Med dette sagd: JA til fire nye år med Høgre i regjering som støttar høgare kvalitet på lærarane, er for elevvurdering av lærarar og vil at elevane skal få arbeid tilpassa sitt nivå!