– Det er ikkje lenger politisk korrekt å vera for oljeboring

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har blitt ukult å snakka for olja. Det er ikkje politisk korrekt å vera for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, seier Ola Eian, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom.

Han har deltatt i mange av årets skuledebattar, og meiner heile debattklimaet har endra seg sidan sist skuleval i 2015 når det gjeld klima- og miljøspørsmål.

– Unge Høgre og FpU nærast beklagar at dei er for å opna for oljeboring, og AUF prøver berre å nekta for at moderpartiet deira ønskjer ei opning. Det er ei heilt tydeleg endring, seier Eian.

Framgang for oljemotstand

Resultata av årets skuleval viser også ein tydeleg framgang for miljøpartia i vid forstand:

Partia som ønskjer å verna Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeverksemd, går opp med 5,3 prosentpoeng sidan sist skuleval. Knappe 40 prosent av elevane røysta på Raudt, SV, Sp, MDG, KrF eller Venstre.

Partia som ønskjer ei konsekvensutgreiing av oljeverksemd i heile eller delar av havområda – Ap, Høgre og Frp – går til samanlikning tilbake med 5,5 prosentpoeng. Dei utgjer likevel den største blokka, med til saman 53,5 prosent oppslutnad.

Samanlikna med resultatet i 2013 er skilnaden enno større.

– Målet er sperregrensa

Sjølv er Ola Eian godt nøgd med eit resultat på 6,8 prosent for Miljøpartiet dei Grøne, og er ikkje skuffa over at partiet står stilt samanlikna med sist skuleval i 2015.

– Sist Grøn Ungdom fekk 6,8, fekk MDG 5 prosent i valet. Viss me står stilt og får det same resultatet i stortingsvalet, så er me kjempenøgde. Det som er målet vårt, er å bryta sperregrensa på fire prosent, seier Eian.

MDG har i dag éin representant på Stortinget. Med eit valresultat på 6,8 prosent ville dei ha gått fram til rundt 12.

Les meir om årets skulevalresultat her!

Resultat frå skulevalet 2017

Raudt: 5,7 (+1)

SV: 10 (+2,5)

Ap: 27,8 (-4)

Sp: 6,8 (+1)

MDG: 6,8 (0)

KrF: 3,1 (-0,1)

Venstre: 7,4 (+0,9)

Høgre: 15,1 (-1,2)

Frp: 10,4 (-0,3)

Andre: 6,9 (-4,9)

Endringar frå 2015.