Framtida
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragnhild Fjelltveit Skagseth.



Fødsel og død

Månaden på klinikken gav studentane mange inntrykk og sterke opplevingar.

– Kva gjorde de på klinikken?

– Vi tok i mot barn, sette inn spiralar, undersøkte gravide og føretok abortar, fortel dei to som også lærte mykje om sjukdommane tuberkulose, malaria og hiv/aids.

Barnefødsel og mottakinga på klinikken var blant dei beste minna.

– Men vi opplevde også tøffe tak. Den verste opplevinga var nok den dagen vi tok i mot eit lite spedbarn som ikkje pusta. Vi prøvde gjenoppliving i lang tid. Til slutt blei ho sendt til sjukehus, men døde etter få dagar.

Det var også tøft å møte menneske med manglande respekt for gravide kvinner.

– Det opplevdes heilt klart vanskeleg å sjå korleis enkelte familiar behandla fødande kvinner på ein uverdig måte i sin eigen familie.

Nytt perspektiv

May-Liss og Ragnhild ville aldri bytta opplevingane i India mot noko.


 

May-Liss Hatleskog (t.h.)- Vi lærte så mykje, både fagleg og personleg.

Dei fekk blant anna ein porsjon praktiserande medisin som få av deira medstudentar kan skilte med.

– Og så er folk sjukare her, i den forstand at sjukdommane får utvikle seg lengre, på grunn av mangel på pengar til legehjelp.

Studentane ser også det norske systemet i nytt lys.

– Vi er så heldige som bur i Noreg.

Dei er også glade for å prioritere og bruke litt ekstra pengar for å få desse opplevingane.

– Vi fekk litt støtte frå lånekassen til reisa, men utover det  betalte vi til saman rundt 10 tusen for kost, losji og transport.

Sjå verda!

– India høyrest farleg ut i mange sine øyre, var de redd nokon gong?

– Nei, faktisk ikkje. Vi blei veldig godt passa på når vi budde på klinikken. Men vi må innrømme at det var litt ubehageleg første dagen vi skulle gå ut i landsbyen. Det var klaustrofobisk. Alle flokka seg rundt oss, likevel tok det ikkje lang tid før vi blei vane til det.

– Kva med sjokk under opphaldet?

– Vel, vi fekk ingen direkte eller personlege sjokk, men det var nok av sjokkerande historier, og så var det jo ein ganske ekstrem kvardag på landsbygda.

Dei to studentane angrar heller ingenting, og vil gjerne dra tilbake.

– Vi ville reist igjen, og tilrår verkeleg andre medstudentar å reise til Mursan. Beskjeden er også klar til andre unge menneske: Dra ut! Det er ei heil verd som ventar.

Fakta

India:
Verdsdel: Asia
Innbyggarar: Over 1,2 milliardar
Hovudstad: New Delhi
Kjende indarar: Mahatma Gandhi
Kjend stad: Taj Mahal

Reis ut!
Her er ei liste over nokre organisasjonar du kan reise ut i verda med:
ANSA
Atlantis ungdomsutveksling
Changemaker
Fredskorpset
Involveyourself
PRESS – Redd barna
Ung i Europa