Har funne over 100 ulvar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt i vinter og vår er det påvist 101–107 ulvar innanfor dei norske grensene. 

52 av ulvane er berre påvist i Noreg, medan 49–55 ulvar er påvist på begge sider av riksgrensa mot Sverige, det syner ein ny og førebels statusrapport over overvaking av ulv i Noreg per 7. april i år, som Høgskolen i Innlandet har laga på oppdrag frå Rovdata.

– Om vi trekker frå døde individ og samanliknar dei foreløpige tala frå april i år med april i fjor, så er det påvist 6–11 fleire ulvar i landet. Dette kjem av at det så langt i vinter er påvist fleire individ i grenserevir mellom Noreg og Sverige, forklarar Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

Frå april i fjor til april i år har talet på heilnorske ulvar gått ned med ni dyr, frå 61 til 52 ulv.

KOMMENTAR: Hatet mot ulven er grunnlaust

Stortinget har fastsett eit nasjonalt bestandsmål for kor mange kull av ulv som skal fødast i Noreg og grenserevir kvart år. Målet er på 4–6 årlege ulve-kull (ynglingar), der minst tre kull skal vere født i heilnorske revir. Ynglingar utanfor ulvesona skal reknast med.

– Det er så langt i vinter bekrefta at det blei født kull i dei fire heilnorske revira Osdalen, Julussa, Letjenna og Aurskog, og i seks grenserevir i 2016. Ut frå berekningar for yngling frå Stortinget gir dette sju kull i 2016, som er ein reduksjon på to kull samanlikna med 2015, seier Petter Wabakken, som er prosjektleiar ved Høgskolen i Innlandet. (©NPK)