Miljøministeren forsvarte ulve-freding i Stortinget
– Ser ikkje at eg kunne komme til ei anna avgjerd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helgesen forsvarer ulve-freding
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) kom på eige initiativ til Stortinget tysdag for å gjere greie for den betente ulvesaka.
– Eg ser ikkje at eg i denne saka kunne komme til ei anna avgjerd, sa Helgesen, og viste til vurderinga som er gjort av lovavdelinga i Justisdepartementet.
Helgesen har fått mykje kjeft etter at han før jul sa nei til å skyte 32 ulv i ulvesona, og berre tillét jakt på 15 ulvar i såkalla beiteprioriterte område.
BAKGRUNN: Helgesen seier nei til ulvejakt
Betre samsvar
Naturmangfaldlova set klare rammer for når ulv kan fellast og vurderinga frå lovavdelinga i Justisdepartementet var at 32 ulvar i ulvesona ikkje kunne skytast.
– Vi arbeider no med å finne løysingar som gjer at Stortingets oppmodingsvedtak, lovverket og dei internasjonale forpliktingane våre heng best mogleg saman, sa Helgesen.
Han varsla å vurdere endring av Naturmangfaldlova og viser til at ei avgjerd i Bernkonvensjonen er utelaten frå lova.
LES OGSÅ: – Hatet mot ulven er grunnlaust
– Auka fleksibilitet
Denne regelen tillèt avgrensa felling av dyr av fleire omsyn enn det den norske lova tillèt, der skadepotensialet for beitedyr er avgjerande.
– Ei slik endring vil kunne gje auka fleksibilitet i forvaltninga og eit noko breiare rettsleg grunnlag for uttak av ulv, sjølv om det må understrekast at Bernkonvensjonens rammer er strenge, seier han.
Helgesen lista elles opp tolv tiltak som kan føre til at fleire ulvar blir skotne. Blant anna har han bedt Justisdepartements lovavdeling om ei ny vurdering av den negative effekten på jaktretten.
Han varslar låg terskel for å skyte ulv som blir nærgåande og betre overvaking av ulvane og dokumentere skadepotensial. Han vil også vurdere opplæring av sporhundar. I tillegg blir økonomisk kompensasjon til dei som tapar på å bu i ulvesona vurdert og ekstra middel til kommunar med ynglingar innanfor ulvesona.
Få også med deg skråblikket til Are Kalvø: Ulven gjer livet mykje betre for oss alle