Saka var først publisert i Vikebladet.
Onsdag er det Karina Pieroth sin tur til å gripe mikrofonen og overtyde mentorane i The Voice. Kaja Rode er allereie klar for neste runde. Begge jentene er produkt av kulturskulen i Ulstein.
– Så definitivt. Ulstein kulturskule har vore med på å forme meg, både innanfor musikken og mykje anna, seier Karina Pieroth til Vikebladet Vestposten.
Onsdag kveld står ho på scena framfor mentorane Lene Marlin, Morten Harket, Yosef Wolde-Mariam og Martin Danielle i den TV2-sende musikkonkurransen The Voice. No er det ikkje nokon stor løyndom at episoden allereie er spelt inn, men Pieroth kan sjølvsagt ikkje seie noko om utfallet.
– Opplevinga av å vere der var magisk. Backstage hadde eg kjærasten min Stefan Skjerdal Stier, mamma og pappa. Den som var mest nervøs den dagen var Stefan. Eg var veldig roleg heile dagen, heilt fram til rett før eg skulle på. Då var det som at det svartna for meg. Så eg hugsar ikkje så veldig mykje av det, eigentleg. Men stort var det, seier Pieroth flirande.
Gjekk for Yosef
Fredag i førre veke stod Kaja Rode på same scena, og gjorde det så bra at ho kunne velje og vrake mellom dei fire mentorane. Valet fall på Yosef.
– Det var eit rimeleg enkelt val. Han har ei fin utstråling, er kul og rett på sak, seier Rode.
Som også trekkjer fram Ulstein kulturskule som viktig for hennar utvikling.