Amalie Skram-prisen til Helga Flatland

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amalie Skram-prisen går til ein kvinneleg forfattar som skriv i ånden til Amalie Skram. I år går prisen til Helga Flatland, forfattaren av triologien «Bli hvis du kan. Reis hvis du må», «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake» og «Det finnes ingen helhet».

Forfattararen har tidlegare vunne Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehoug debutantstipend og Ungdommens kritikarpris, alle i 2010 for debutromanen.

Juryen skriv at parallellen mellom Flatland og Amalie Skram er klar. Skram sjølv skreiv «Hellemyrsfolket» for å prøva å forstå kvifor ein ung mann ville ta livet av seg sjølv.

Det er befriande å lesa ein forfattar som klarar å løfta blikket frå seg sjølv og eigne erfaringar, og det er umogleg å ikkje bli djupt imponert over at ein ung forfattar klarar å gi truverdige psykologiske skildringar av enkeltmenneskjer og av så ulike sider av menneskeliv som homofil kjærleik, fødselsdepresjon, tap og sorg, skriv juryen i si grunngjeving.

Tidlegare har forfattarar som Liv Køltzow, Bjørg Vik, Herbjørg Wassmo og Torill Brekke vunne prisen.

LES OGSÅ: Popup-stunt for Jan Roar Leikvoll sine bøker