– Vi må vera vakne og forsvara verdiane våre når det trengst

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang. Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom, svarar slik på spørsmålet:

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Ja, dei finst. Men det er klårt at dei har sterke likskapstrekk med heile den vestlege kulturen. Det eg opplever som norske verdiar er eksempelvis ytringsfridom, religionsfridom og likestilling. Er vi usamd i ei utsegn, svarar vi med ord. Vi trur på det vi føler er riktig utan at nokon har noko med det å gjera, og vi likestiller menn og kvinner. Eg vil òg seia at dugnad er ein norsk verdi.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Det skal nok mykje til før verdiane våre er truga, men vi er nøydde til å vera vakne og forsvara verdiane våre når det trengst. Ytringsfridomen er truga når nokon meiner vi ikkje skal kunna teikna det vi vil, religionsfridomen er truga når eksempelvis jødar vert hetsa og likestillinga er truga når mannen tvingar kvinna til å halda seg heime. Vi må til kvar og ei tid forsvara det vi trur på med demokratiet vårt, og aldri ta det for gitt.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Eg trur det er ei utfordring for enkelte som vil ta vare på den norske identiteten vår og verdiar, men som samstundes vil at andre menneske med ein annan kulturell bakgrunn skal føla at dei skal kunna ta vare på den samtidig som at dei kan omfamna kulturen vår. Eg er opptatt av at andre kulturar skal føla seg velkomen i Noreg, men då under føresetnad av at dei godtar norske verdiar som ytringsfridom, likestilling og religionsfridom. Det kan vi aldri fira oss på.

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– Det kan vera så mangt. Eg opplever ikkje at vi har dei største konfliktane i dag, men det er viktig at dei verdiane mange av oss tek for gitt i kvardagen ikkje blir gløymd. Det finst menneske som krigar for meir fridom og likestilling slik vi har det i Noreg.

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Eg trur det er mindre viktig for ungdom, enn for andre veljargrupper.

Les kva dei andre leiarane av ungdomspartia seier om politikk og identitet!