Framtida
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre musikkstudentar som nyter sola i Bergen.

Tre musikkstudentar som nyter sola i Bergen.

Fredag ettermiddag i hovudstaden på Vestlandet. Vårsola har, trass skarp luft og kjølig vind, klart å fylle gatene med blide fjes, måkeskrik og lette klede. Heile byen er våryr. På plenen ved Lille Lunggårdsvann har tre studentar ein piknik med pølser i brød, teppe og godteri.

Venene fortel at dei studerer piano ved Griegakademiet, og gjev Magasinett lov til å avbryte siestaen.

Dårleg vær eller dårlege klede?
– Korleis vil de definere dårleg vêr?

– Regn, seier Erlend Grønbeck (23) frå Lillehammer.
– Og sur vind, tilføyer Thea Kjeve (21) frå Oslo.
Marita Kjetland Rabben (21) frå Stord er ikkje einig:
– Det er keisamt visst det er sol alltid. Eg er glad i regn, så lenge det ikkje varar så lenge. Ein storm innimellom er kult!

Medstudentane er overraska, og Marita forklarer seg:
– Eg har jo vakse opp med regnet, og lært meg å setje pris på det.

– Kvar i heile verda ville de helst budd med omsyn til klimaet?

Marita fortel at ho gjerne skulle opplevd dei fleste kontinent for ein kortare periode, men at det er på Vestlandet ho helst vil bu.

Erlend protesterer:

– Du kan velje mellom heile verda, og så vel du Vestlandet! Eg ville mykje heller budd på… Hamar!
Denne gongen er det Erlend som får motbør, og han vert kraftig nedstemt av dei andre pianistane.
Thea er ikkje like glad i norsk klima som dei andre to. Ho ser for seg solrike Bali som den ypparste staden å slå seg til.

Marita har vakse opp på Vestlandet, og likar storm - ein gong i blant.

Marita har vakse opp på Vestlandet, og likar storm – ein gong i blant.

Regnet si lyse side

– Har de under studietida i Bergen blitt meir glade i regnet?

– Nei… Eg kan ikkje kome på noko bra med regn, seier studenten frå Lillehammer.
Oslo-representanten er meir positiv:
– Det er fin lyd når det trommar på taket. Og så luktar det godt etter ein skur.
Stordabuen har mange lovord å seie om nedbør:
– Det er sunt for kjenslelivet, og det hjelper ein å setje meir pris på sola. Og så treng ein ikkje ha dårleg samvit om ein er inne!

-Trur de at regn skaper samhald?

Thea er raskt ute:
– Nei, tvert imot. Alle blir sure, og ser ikkje opp når dei går på gata. Folk held seg heime i staden for å møte andre. Det gjer iallfall eg.
Marita har meir tru på positive sosiale verknader:
– Innbyggjarane i Bergen har jo alltid eit felles tema å snakke om, på tvers av utdanning og alder.
Erlend er einig; regnet kan utgjere ei felles utfordring, noko som kan gje ei større oppleving av einskap.

Studieklima
– Kor viktig er vêret med omsyn til studiet?

Pianistane er i ferd med å avslutte pikniken. Sola skin framleis frå skyfri himmel, og stemninga er god. Alle tre er einige om at været påverkar livskvaliteten.
– I dag fekk me ekstra inspirasjon og godt humør på grunn av det fine vêret, seier jentene.
– Sol gjev overskot og gjer det enklare å studere, meiner Erlend, og fortel at den lange regnperioden i haust gjekk ut over trivselen.
– Det viktigaste er at det ikkje regnar, meiner Thea.
– Då orker eg ikkje å gå heimafrå for å øve om kvelden.

– Viss sol er viktig for studia, kvifor bur de då i Bergen?

– Eg ville ha valt Oslo dersom eg kunne. Men eg kom ikkje inn der då eg prøvespelte, røper Erlend. Thea ser rundt seg og smilar:
– Og når sola fyrst skin i Bergen, er det jo ein nydeleg by!
Ho legg til at det for henne var freistande å oppleve ein annan landsdel.
– Opphaldsvêr er ikkje så viktig for mitt studium, meiner Marita.
Dei tre venene synest at studentane i Bergen trass alt ikkje har grunn til å klage.
– Klarer ein ikkje klimaet, kan ein jo berre flytte, seier Thea.
-Og det skal også skje – om eit år, avsluttar Erlend.

LES OGSÅ: – Vestlendingar og vêr høyrer saman