Halvering av norske utvekslingsstudentar til USA

Rekordmange tek studieopphald utanlands, men stadig færre vil til USA og andre engelskspråklege land.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Saka er oppdatert med sitat frå NSO
8159 norske studentar tok eit utvekslingsopphald i utlandet i 2025. Det er det høgaste talet nokosinne.

Australia er framleis det mest populære landet. I fjor fann 1181 norske studentar vegen dit. Men talet er samstundes ein nedgang på 12 prosent på eitt år, skriv direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i ei pressemelding.

Europa og Asia mest populære

Godt over halvparten av utvekslingsstudentane, 55 prosent, vel no Europa. For ti år sidan valde litt over 40 prosent Europa. Italia dreg nest flest norske studentar. Deretter følgjer Frankrike på tredjeplass og Spania på fjerde.

For ti år sidan låg USA på førsteplass for norske studentar på utvekslingsopphald. No er talet nær halvert, og USA ligg på femteplass totalt. Også talet på studentar som dreg til Canada og Storbritannia er halvert på ti år.

I tillegg til Europa, veks Asia i popularitet blant utvekslingsstudentane frå Noreg. På ti år er auken på 23 prosent. Japan ligg på trettande plass og Sør-Korea på fjortande

– Gledeleg at fleire reiser på utveksling

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Sigve Næss Røtvold seier til NTB det er gledeleg at fleire reiser på utveksling, særleg i ei uroleg tid.

– Sjølv om mange opplever ei bekymring med å dra på utveksling til enkelte land, er det fint å sjå at studentar tenkjer nytt om kvar dei dreg og tek i bruke gode ordningar som Erasmus+, seier Røtvold.

Røtvold fortel at sjølv om det er bra at så mange reiser på utveksling, så er dei endå ikkje heilt i mål.

–Vi har eit mål om at minst halvparten av studentar får eit utanlandsopphald i løpet av studiane sine, og får å oppnå dette er det viktig at institusjonane legg til rette slik at utveksling blir eit reelt alternativ for alle studentar, seier han.