Toyni Tobekk
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når du har lese alle bøkene til yndlingsforfattaren din – minst to gonger – er det kan hende på tide å finne noko nytt. Med søkeverktøyet ønskebok.no kan du finne deg bøker utan å tenkje verken forfattar eller boktittel, du vel heller ut frå oppgitte kriterium. Desse kriteria kan vere glad, trygg og storslått, eller trøsteslaus, for den del.

Lån boka
Eit søk på morosam, uventa og uvanleg gir til dømes forslag på seks bøker, der Ali Smiths roman Levende bilder kjem på topp. Viss eg vil lese denne boka, kan eg berre trykkje på Lån, så vil eg etter kvart finne ut om boka er tilgjengeleg på mitt lokale bibliotek.

Har du lyst til å lese bere nynorsk, høyre ei lydbok eller sjå ein film, kan søket snevrast inn til å gjelde ein av desse kategoriane. Men då er det heller ikkje alltid ein får treff, vel å merke. Ein eigen kategori for barn og unge finst heller ikkje.

Ønskebok er smidd over same lest som den engelske Whichbook.net, som femnar om heile Storbritannia. Noreg er det første landet utanfor Storbritannia som har fått si eiga utgåve, og det er ABM utvikling og Norsk digitalt bibliotek som står bak prosjektet.

Ønskebok finst i både nynorsk- og bokmålsdrakt.

Kjelde: Norsk bibliotekforening

28. september 2007

LES OGSÅ: Eg les ikkje bøker