Hugs Heather Heyer!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Facebook spør kva eg har på hjartet i dag, og eg tenkjer på Heather Heyer, fascismens kanskje siste offer. Korleis vi må minnast henne. «If you’re not outraged, you’re not paying attention» sto det på Facebookprofilen hennar, og Heather følgde etter alt å døme godt med: Ho har aktivist og kjempa for folk som hadde blitt utsett for rasisme og politivald.

Heather blei, som dei fleste av oss kanskje veit, kjørt ned av ein nynazist fordi ho deltok i ein fredeleg motdemonstrasjon mot nynazistar og kvite nasjonalistar i Charlottesville i Virginia. 30 andre menneske blei såra.

Kvifor skriv eg om Heather Heyer, ei kvinne eg aldri har møtt, og aldri har visst om, før ho døydde?

Fordi det første, fordi det er viktig korleis ho minnast. Donald Trump har nekta å fordømme valden til nazistane, noko nazistane sjølve har lese som ei støtteerklæring. På ein av dei viktigaste nazinettsidene dailystormer.com, handlar ei av deira siste saker om nett Heather. Dei skriv dei heilt fryktelege ting om korleis ei kvinne som henne ikkje fortente å leve, og aldri vil bli sørgja. Dei skriv om korleis kvinner som er blitt 32 år utan å få barn, er ei byrde for samfunnet. Og dei skriv mykje som er så stygt at eg ikkje vil gjengi det.

Nyhendesaka er delt over to hundre tusen gangar. Akkurat no kjem det vonleg ikkje noko meir hat frå nett den nettsida, for den er tatt over av Anonymous. «End of hate», er den førebels siste overskrifta der.

Tidlegare i dag las om ein av dei unge mennene som hadde blitt avbilda i nazidemonstrasjonen i Charlottesville. Han var bestyrta over at folk trudde han var ein vond rasist, for det var han så absolutt ikkje, sa han, han ville berre verne den europeiske kulturarven han meinte haldt på å bli utradert.

Høyrest det kjent ut? Eg synst det, og det gjer meg skremd. Det speler ei rolle korleis vi skriv og kven vi skriv om. Ord drep ikkje, men dei gir folk mot, dei gir folk motiv, og dei formar verdsbileta til folk. Derfor er eg bekymra for den auka trafikken til nettsider som document.no og rights.no. Ikkje fordi eg trur at alle som skriv på eller les desse nettsidene er vonde rasistar eller nazistar, men fordi vi har sett og vil sjå at når light-versjonane av dei nazistiske og rasistiske konspirasjonsteoriane florerer, så gjer det dei sjølverklærte frontkjemparane modigare.

Den andre grunnen til at eg skriv om Heather Heyer, er fordi ho kunne vore nesten kven som helst av oss, som ønskjer å stå opp mot fascisme, rasisme og nazisme. Som ungdomen på Utøya blei ho drepen nettopp fordi ho tok kampen for eit land der alle skal ha dei same rettane.

Eg skriv om Heather Heyer for å minne meg sjølv på at denne kampen ikkje er vunne for alltid. Den er ikkje utan offer. Og motstandarane er folk som drep, som hyller drap, og som rettferdiggjer drapa både i forkant og etterkant gjennom sine konspiratoriske teoriar om at den kvite rasen og europeiske kulturarven er truga. I Charlottesville, men også her i Skandinavia. Eg skriv om Heather Heyer, men eg kunne ha skrive om Showan Shattak, som blei knivstukke av nazistar, men overlevde. Eg skriv om Heather Heyer, men eg kunne ha skrive om finske Jimi Joonas Karttunen, som døydde i 2016, etter å ha blitt sparka ned av finske nazistar. Eg kunne ha skrive om åtaka i Stocholm for ei veke sidan, der nazistar angreip ein fredeleg demonstrasjon med røykbombar.

Nei, vi er ikkje der at folk flest er nazistar, rasistar eller fascistar. Heldigvis og takk høgare makter. Men vi er der at nazistane delar ut flygeblad, henger opp klistremerker med barberblad under (så ingen kan ta dei bort utan å kutte seg), der nynazistar demonstrerer i gatene og går til åtak på fredelege demonstrasjonar. Der dei blir modigare, der dei føler at vinden er vendt og bles deira veg. Kampen mot rasismen, fascismen og nazismen er på ingen måte vunne, og det er vår fordømte plikt å hugse på det, og å gjere vårt for å kjempe mot desse mørke kreftene, anten det er ved å vere medlem i anti-rasistiske organisasjonar, drive opplysingsarbeid, eller det rett og slett er å passe på korleis vi debatterer politiske spørsmål, som innvandringsspørsmål, som spørsmål om norsk kultur, som spørsmål om Europas framtid.

Ikkje fôr nazistane, rasistane, fascistane.

Hugs Heather Heyer.