Mattilsynet: Slutt med rosa hamburgarar
– Hamburgarar bør vere gjennomsteikte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mattilsynet: Hamburgarar bør vere skikkeleg gjennomsteikte
Det er ein aukande trend i restaurantbransjen å servere hamburgarar med rosa kjerne for å gi ei betre smaksoppleving. Men hamburgarar bør vere skikkeleg gjennomsteikte før du legg dei på tallerkenen, opplyser Mattilsynet.
Ei utfordring med medium steikte hamburgarar, er at kjernetemperaturen ikkje blir høg nok til å drepe alle bakteriar.
Større risiko
Kjøttdeig er i utgangspunktet eit produkt med større risiko for sjukdom enn eit heilt stykke kjøtt, som for eksempel biff. Heile biffar er tilnærma sterile på innsida. Varmebehandling av overflata vil vere nok til å få eit trygt produkt, sjølv om kjøttet er raudt i midten.
– Ved kverning av kjøtt blir bakteriane på overflata av kjøttstykka jamt fordelt i heile produktet. Samtidig får dei lett tilgang til næringsstoffa i kjøttet. Dette gir gode vekstvilkår for bakteriane og medfører at produkt av kverna kjøtt har kort haldbarheit. Slike produkt bør derfor gjennomsteikjast før servering, fortel avdelingssjef Marit Kolle ved Mattilsynet i Oslo, Asker og Bærum i ei pressemelding.
Tradisjonelt lagar ein hamburgarar ved at kjøttdeig blir forma og steikt til ein kjernetemperatur over 70 grader. Denne varmebehandlinga er under normale omstende nok til å drepe eventuelle sjukdomsframkallande bakteriar.
To sjuke
I sommar har Mattilsynet i Oslo, Asker og Bærum mottatt melding frå Folkehelseinstituttet om to personar som har blitt sjuke av den frykta EHEC-bakterien (enterohemoragisk E. coli), truleg etter å ha ete hamburgarar som ikkje er gjennomsteikte.
– Det dreier seg om to vaksne personar som har vore sjuke med blodig diaré. Det er påvist EHEC hos begge. Vidare analysar av bakteriane hos dei sjuke, viser at bakteriane sannsynlegvis kjem frå ei felles kjelde. Intervju av dei sjuke og kartlegging av kva dei har ete, gir opplysningar om at begge to har ete hamburgarar som ikkje har vore gjennomsteikte, seier seniorrådgjevar Heidi Lange ved Folkehelseinstituttet i pressemeldinga.
Mattilsynet vil særleg understreke at medium steikte hamburgarar ikkje bør etast av utsette grupper som gravide, små barn og andre med nedsett immunforsvar. Restaurantar bør ha klare rutinar slik at dei unngår å servere medium steikte hamburgarar til utsette grupper.