Finst det noko meir meiningslaust enn ein song med éin akkord og der teksten er berre tullball?

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: Han gav Italia rock and roll

«Prisencolinensinainciusol
In de col men seivuan
Prisencolinensinainciusol all right»

Heng du med? Ikkje det, nei? Ikkje så rart, for dette gjev ikkje meining. Ikkje på noko språk. Men det er opninga på songen «Prisencolinensinainciusol» (uttala noko slikt som preezen-collin-ensinine-choozol, slik The Paris Review har forsøkt å skrive ned teksten) av den italienske musikaren Adriano Celentano. Teksten ser ikkje så veldig engelsk ut, men berre vent til du høyrer songen sjølv.

Diktaren Anthony Madrid skriv vidare i The Paris Review at når ein skriv ned tekstane frå songane ein høyrer på, så lærer ein noko nytt om dei. Får ei anna kjensle av teksten.

Han forstod ikkje at «White Room» av Cream ikkje rima før han skreiv ned teksten. Han berre har ein slags rimeffekt utan å rime. På same måte er det ikkje openbert å tenkje på at «Prisencolinensinainciusol» ikkje er på engelsk.

Den italienske Elvis

Adriano Celentano i 1961. Foto: Wikimedia

Adriano Celentano som har laga songen er ein slags italiensk folkehelt. Den italienske Elvis, han som gav Italia rock and roll. Han har spelt i filmar, selt millionar av plater, vore komikar, regissert filmar og det eine og det andre.

Songen kom ut i 1972 utan at han fekk mykje merksemd. Nokre år seinare fekk han gjennombrotet etter Celentano spelte songen på fjernsynet. Då gjekk han til topps på listene i mellom anna Italia, Frankrike, Tyskland og Belgia.

I videoen nedst kan du sjå innslaget som gjekk på fjernsynet, ein slags musikkvideo eller sketsj der han speler læraren til ein skuleklasse med unge jenter.

Fire trommeslag, éin akkord og kaudervelsk

I eit intervju med den amerikanske radiokanalen NPR, fortel han om meininga med songen. Han ville songen skulle handla om at folk ikkje greier å kommunisere saman. Og den beste måten å gjere det på var å lage ein song som ikkje tydde noko som helst.

Celentano laga ein beat på fire trommeslag, sette han i ein loop, og improviserte teksten på toppen av det. Når han hadde gjort det ferdig, laga han arrangementet på toppen. Improvisert og fullstendig meiningslaus tekst, og berre éin akkord. Ein treng ikkje gjere det vanskelegare enn det er.

Ironisk nok fortel han dette til NPR gjennom ein tolk, for han kan ikkje snakke engelsk sjølv. Det trass i at inspirasjonen er interessa hans for amerikansk musikk og slang.

– Er det slik amerikansk engelsk høyrest ut for deg? spør radioverten.

– Ja, akkurat slik.

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[hjå]framtida.no!