KrFU-Ida: – Tilliten blir truga av fryktretorikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debatten om norske verdiar er i gang, etter at kulturminister Linda Hofstad Helleland og Sp-nestleiar Ola Borten Moe sa til VG at norske verdiar er under åtak.

Framtida.no har spurt leiarane i ungdomspartia kva dei meiner. Først ut er Ida Lindtveit Røse, leiar i KrFU.

– Finst det norske verdiar, og kvar kjem dei frå?

– Det er mykje som er «typisk norsk». Eg meiner den kristne og humanistiske kulturarven som er grunnlaget for dei norske verdiane. Menneskerettane dannar grunnlaget for alle rettar i samfunnet. Me har tillit og respekterer kvarandre, fridom og små og store fellesskap, og bryr oss om kvarandre. Dette meiner eg er viktig å bevara i det norske samfunnet framover.

– Kva norske verdiar meiner du er truga?

– Eg meiner trusfridomen som ein grunnleggande norsk verdi blir trua ved å kutta stønad til trossamfunn eller innføra forbod mot religiøse symbol. Eg meiner tilliten og respekten mellom menneske blir truga av politisk fryktretorikk. Og eg meiner små fellesskap blir trua av statleg overstyring.

– Samstundes meiner eg norske verdiar og felles referansepunkt blir til i utvikling. Det er alltid viktig å kjenna til sine røter og historie, men at ein samstundes ikkje er redd for utvikling.

– Kva er dei vanskelegaste konfliktane knytt til politikk og identitet?

– Eg meiner politikarar har eit ansvar for å koma med løysingar, og ikkje spreia frykt og utryggleik. Me som bur i Noreg er alle ein del av det norske fellesskapet, sjølv om me har ulik bakgrunn, interessar og eigenskapar. Det norske samfunnet er og skal vera mangfaldig, og alle skal vera inkludert.

– Eg trur dei fleste har ein sterk identitet til familien sin, lokalsamfunnet sitt, vennene sine og det norske samfunnet. Det er me som del av det norske samfunnet som bestemmer utviklinga, eg er ikkje redd for det.

– Kva verdiar handlar konfliktane om?

– Eg ser at noen prøver å framstilla verdidebatten som ein innvandringsdebatt, noko eg meiner er feil. Det handlar heller ikkje om brunost eller barne-TV.

– Verdidebatten handlar for meg om at heile samfunnet må bygga på verdigrunnlaget vårt, ikkje rundt kva som er mest økonomisk lønsamt eller effektivt. Skal samfunnet byggast på verdiar, må det òg få konsekvensar for politikken. Eg meiner dei beste verdiane å bygga samfunnet på er nestekjærleik, menneskeverd og forvaltaransvar.

– I kva grad er identitet og verdiar viktige for ungdom i valet, trur du?

– Identitet og verdiar er viktig for alle menneske. Eg meiner det er positivt at me i valet faktisk diskuterer kva for eit samfunn me skal ha, og korleis ulike politiske forslag kan føra oss til eller vekk frå det samfunnet. Eksempelvis ønskjer me eit samfunn der me tar ansvar for våre medmenneske også internasjonalt, eller eit samfunn der me har nok med oss sjølv? Spørsmål som dette trur eg unge er veldig opptatt av. Det er framtida vår det er snakk om.