No har vi brukt opp ressursane på jorda for i år

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skriv Verdsnaturfondet (WWF).

Onsdag, 2. august, brukar vi opp ressursane jorda hadde til oss for heile 2017. Det betyr at vi resten av året brukar naturressursar som jorda treng lenger enn eitt år på å få tilbake.

Denne dagen blir kalla Earth Overshoot Day, og i år kjem den tidlegare enn nokon gong, sidan ein byrja å måle på 1970-talet.

Leiar i WWF Norge, Nina Jensen. Foto: WWF Noreg

Lever ikkje berekraftig nok

– I fjor var datoen 8. august, som var fem dagar tidlegare enn i 2015. For 15 år sidan var datoen i oktober. Den kjem stadig tidlegare fordi vi ikkje lever berekraftig nok, vi har for høgt forbruk, og vi blir fleire og fleire menneske på jorda. Det er ei skremmande utvikling, og det seier seg sjølv at dette ikkje kan fortsette, seier generalsekretær Nina Jensen i WWF Verdsnaturfondet i ei sak på heimesidene deira.

Ho meiner politikarar, næringsliv og andre avgjerdstakarar må ta konsekvensane av overforbruket.

– Vi ser alt no konsekvensane av den økologiske sløsinga i vassmangel, forørkning, jorderosjon, dårlegare avlingar, overbeiting, avskoging, utrydding av artar, kollaps i fiskebestandar og auka konsentrasjon av karbon i atmosfæren, seier ho.

Må redusere halvparten av utsleppa

Om ein klarer å skyve Earth Overshoot Day tilbake med 4,5 dagar kvart år, vil vi få eit balansert forbruk innan 2050. Reduserer ein mengda matavfall med 50 prosent på verdsbasis, kan datoen bli flytta 11 dagar bakover.

Ei halvering av belastinga klimagassutsleppa står for, kan skyve datoen heile 89 dagar i riktig retning, ifølgje WWF.

Jordas overforbruksdag blir utrekna av Global Footprint Network, som er samarbeidspartnar med WWF.

Dei ser på forholdet mellom forbruket vårt av naturressursar, utslepp av klimagassar og annan forureining, og evna naturen har til å reprodusere eller ta opp i seg det vi slepp ut.