Misfornøgde turistar kontaktar miljøministeren etter besøk i norske verdsarvfjordar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då turisten kom heim frå noregsferien i midten av juli tok han tastaturet fatt og kontakta klima- og miljøminister Vidar Helgesen for å vise misnøye, skriv Sunnmøringen. Den britiske turisten skriv at han hadde eit veldig hyggjeleg besøk i Noreg, men at delar av ferien vart øydelagt av luftforureining.

I slutten av juni budde turisten på eit hotell i Geiranger. Opphaldet var på to netter, og på dag nummer to låg det to cruiseskip i fjorden.

– Dei pumpa ut dieselgassar heile dagen. Det var vindstille denne dagen og fjorden var full av eksos, noko som var spesielt merkbart på høgda over bygda, skriv mannen i ein mail til miljøministeren.

– Eg kom til Noreg for den friske, reine lufta og blei sjokkert over at desse fartøya fekk lov til å gjere dette. Fjorden skulle ha vore nydeleg, men det var den ikkje denne dagen. Dersom fartøy ikkje kan rydde opp i eigne utslepp, kvifor gir du dei lov til å vere i desse vakre fjordane?, skriv turisten i mailen til Helgesen.

Ein britisk turist var så sjokkert over utsleppa frå cruisetrafikken etter eit besøk i Geiranger, at han tok kontakt med miljøminister Vidar Helgesen. Det er han ikkje aleine om. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Varslar strengare reglar

Klima- og miljødepartementet opplyser i ei pressemelding at dei i vår har blitt kontakta av fleire turistar som har vitja verdsarvfjordane på Vestlandet. Dei venta seg storslåtte naturopplevingar, frisk luft og reint vatn. I staden vart dei plaga av dieselstank frå nokre av dei enorme cruiseskipa som stadig oftare vitjar Noreg.

Ei kartlegging Sjøfartsdirektoratet gjorde i fjor på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet syner at cruisetrafikken i periodar fører til helse- og miljøskadelege utslepp. Det gjeld mellom anna i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden og inste del av Tafjorden.

– Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på desse fjordane som står på Unesco liste over verdsarvområde. Samstundes er grøn skipsfart eit satsingsområde for regjeringa. Med tiltak mot forureininga frå cruiseskip i desse fjordane når vi to miljømål på ein gong. Vi tek vare på verdsarven og vi får ein reinare skipsfart, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Innan utgangen av 2017 skal Sjøfartsdirektoratet legge fram fleire konkrete tiltak. Mellom anna vil det kome strenge krav til utslepp av nitrogenoksid til luft, krav om lågt svovelinnhald i drivstoffet og forbod mot utslepp av kloakk frå skipa. Det kan også bli aktuelt med lågare fartsgrenser i fjordane for å få ned forureininga.

– Med desse tiltaka blir forureininga i fjordane betydeleg redusert. Det er bra for miljøet og vi voner at både den britiske brevskrivaren og andre turistar får ei enda betre oppleving av storslått norsk natur.

– Vi ynskjer den britiske turisten og alle andre attende til reinare luft og reinare vatn, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Fleire vel bort Geiranger

Kvar dag i sommar strøymer tusenvis av turistar til området i Geiranger som blei innlemma på Unesco verdsarvliste for tolv år sidan. Fjord Norge marknadsfører dei fire vestlandsfylka internasjonalt. Til VG seier Kristian Jørgensen i destinasjonsselskapet at presset på området vil auke framover. Han meiner det ikkje er snakk om krisetilstandar no, men at det kan bli det.

– Samla sett er ikkje situasjonen prekær i dag, men nokre dagar har Geiranger for mange gjester. Om vi ikkje har ein klar plan for framtida, vil det bli fleire slike dagar, seier han til avisa.

Ifølgje Jørgensen vel no fleire grupper bort smekkfulle og forureina Geiranger.

– Vi har nokre få operatørar som betener eksklusive grupper som heller vel å reise til andre stader i nærleiken. Nokre dreg til dømes til Hjørundfjorden, fordi dei vil ha rein og urørt natur.