Halvparten køyrer framleis på diesel

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den etablerte todelinga av personbilmarknaden, mellom bensin- og dieselbilar, held på å forsvinna på grunn av endra avgiftsprofil og aukande utbreiing av alternative motorteknologiar. Store økonomiske føremonar har på kort tid gjeve særleg stor vekst i mengda elbilar.

I 2010 var det registrert vel 2.000 personbilar med elektrisk motor. I 2016 hadde mengda elbilar auka til knapt 100.000, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Trass i denne enorme veksten utgjer elbilane framleis berre fire prosent av alle personbilar.

Sidan rekkjevidda er ei utfordring for mange elbilar, er det rimeleg at elbilen nyt størst popularitet i byar eller bynære område.

Geografisk fordeling av køyretøy refererer til adressa eigaren har i det sentrale motorvognregisteret. Adressa vil ikkje alltid samsvara med kvar køyretøyet blir brukt, spesielt der køyretøyet er eigd av leasingselskap.

Med dette atterhaldet var 40 prosent av alle elbilar i 2016 lokalisert i dei fem største elbilkommunane: Oslo, Bergen, Bærum, Trondheim og Asker. I dette året budde 25 prosent av befolkninga i dei same kommunane.