Den første el-ferja i landet var innstilt 300 gonger i fjor

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nullutsleppsferja vart sett i rute over Sognefjorden 1. januar 2015. To år seinare viser det seg at ferja blir innstilt langt oftare enn andre ferjer, ifølgje Bergens Tidende.

– Vi synest strengt tatt det er for dårleg. No er det gått fleire år sidan den kom i drift, og framleis er det problem. Etter så lang tid bør den kunne levere på lik line med andre, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen Anders Sæternes til avisa.

Innstilt 180 gonger til no i år

I 2016 blei 300 avgangar med MF «Ampere» innstilt, viser tal frå Statens vegvesen. Ferja er allereie godt «i rute» for å slå det talet i år. Mellom januar og juni 2017 har ferjesambandet Lavik–Oppedal vore innstilt totalt 200 gonger. MF «Ampere» står for mellom 170 og 180 av desse.

– Så mange innstillingar over lang tid vil medføre økonomiske konsekvensar for Norled. Det burde vore gjort meir for å oppnå betre regularitet enn ferja har i dag, seier Sæternes.

Ferja er del av eit pilotprosjekt som skulle setje i gang teknologiutviklinga innanfor miljøvenleg sjøtransport.

– Akkurat den biten har vore vellukka, for teknologiutviklinga er i gang. Problemet er at den ikkje leverer så stabilt som den skal, seier Sæternes til avisa.

Stadig nye problem

Sidan starten har det vore fleire problem for den første el-ferja i landet. Det første året fungerte ikkje ladestasjonen til ferja, som førte til innstillingar på dagleg basis. I år er det fleire mindre problem som skaper trøbbel. Regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker, seier til Bergens Tidende at ferja har rundt 12.000 avgangar i året.

– Tidlegare i år fekk vi om bord for lite straum når vi låg til kai. Dersom ein kombinerer det med for mykje vind, så øydelegg ein energibalansen, og ferja klarer ikkje å gå, forklarer han.

Det problemet blei ordna i februar, men like etter dukka det opp endå ei utfordring.

– Batteria blei overoppheta når vi låg til kai for lading, og kjølefunksjonen fungerte ikkje som den skulle, fortel Utåker.

I tillegg fører vekst av algar og tang på undersida av ferja til at den går treigare gjennom vatnet, og dermed bruker meir energi. Sidan ferja er bygd av aluminium er det vanskelegare å hindre dette. Snart blir ferja tatt ut av drift i ei veke for å leggje eit nytt botnstoff som skal hindre at det gror algar og tang.

– Ferja er underdimensjonert

Ferja er den einaste heilelektriske ferja som går i fast rute. Utåker meiner den hadde fungert betre dersom den hadde vore litt kraftigare.

– Problemet er at heile ferja er bygd i for små dimensjonar. Hadde batterikapasiteten og maskineriet vore fem prosent større, hadde vi unngått mange av innstillingane, seier Utåker.

Han trur likevel at hybridferjer er framtida.

– Det ville vore smart, for då kan ein gå over på vanleg dieselmotor når ein ikkje har nok straum. Den moglegheita har ikkje vi, seier han til avisa.