Endeleg kom han. Sommarkroppen 2017. Du veit, den alle snakka om i vår, som avisene gav deg råd for korleis du skulle få, så du kunne sprada rundt på stranda heile sommaren.

No er han her. Sommarkroppen er på plass. Og alt som skulle til, var tre dagar med sol – eller ein lang og god sommar, som me kallar det på Vestlandet.
Eg går på fjellet, og padlar litt kajakk. Men eg tar ikkje i. Sixpacken står i kjøleskapet, og det nærmaste eg kjem styrketrening er å pumpa vaffeljern på terrassen.
Men eg har eitt kinn som er litt raudare enn det andre, etter å ha sete ute og lese medan sola framleis var på veg opp.
Eg har sår mellom tærne, og skrammer under føtene, etter å ha trødd på småstein og skjel på stranda.
Eg har blåmerke på knea, frå då eg prøvde å slenga meg oppi båten for å stupa frå ripa.
Eg har myggstikk på ryggen, akkurat der eg ikkje rekk å klø sjølv.
Og alt som skulle til, var nokre dagar med sol.