Forbyr transkjønna i militæret
Donald Trump brukar Twitter for å forby transkjønna i det amerikanske forsvaret. For dyrt, hevdar han.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tre Twitter-meldingar forklarer den amerikanske presidenten at han har snakka med generalane sine, og at det ikkje vil vere aktuelt å la transkjønna personar tene i forsvaret.
– Militæret må vere fokusert og kan ikkje bli byrda med dei enorme medisinske kostnadane transkjønna i forsvaret vil innebere, skriv Trump.
Han har teke avgjerda etter å ha rådført seg med generalar og ekspertar, skriv presidenten.
Det er den motsette avgjerda av det president Barack Obama gjorde i førre periode.
Luca Dalen Espeseth i Foreninigen FRI synest ikkje noko om det.
– Det er berre endå eit trekk i rekkja frå Trump. Det skjer fleire stader at LGBT-personar mister rettar. Og så hadde jo den førre presidenten akkurat kvitta seg med «don’t ask, don’t tell»-regelen, seier han.
Espeseth synest ikkje argumentet frå Trump om at det er for dyrt å la transkjønna personar tenestegjere i forsvaret er eit godt argument.
– Medisinske operasjonar er naudsynt for dei som treng det. Det er trist for menneske som ikkje har tilgang til å få dekt naudsynt helsehjelp møter endå ei stengt dør. Men det er kanskje meir generell kritikk av helsesystemet òg, seier han.
Den amerikanske nettavsia Mother Jones har tidlegare skrive om ein studie som fann at transkjønna personar verva seg dobbelt så ofte som resten av befolkinga, og at transkjønna veteranar er 20 gongar meir «suicidal oppførsel».
Her kan lese Twitter-meldingane der han annonserer avgjerda:
After consultation with my Generals and military experts, please be advised that the United States Government will not accept or allow……
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) July 26, 2017
….Transgender individuals to serve in any capacity in the U.S. Military. Our military must be focused on decisive and overwhelming…..
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) July 26, 2017
….victory and cannot be burdened with the tremendous medical costs and disruption that transgender in the military would entail. Thank you
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) July 26, 2017