Sjølvkøyrande skip frå Noreg vekkjer oppsikt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Havets Tesla» er kallenamnet Yara Birkeland, det første autonome skipet i verda, er blitt tildelt ifølgje The Wall Street Journal. Den amerikanske storavisa har vore på besøk i Noreg for å skrive om den teknologiske nyvinninga, skriv Aftenposten.

Yara Birkeland er eit samarbeid mellom dei norske selskapa Kongsberg Gruppen og Yara, der Kongsberg Gruppen står for teknologien og Yara er kjøpar.

Det mannskapslause, sjølvkøyrande skipet er planlagt sjøsett mot slutten av 2018, og skal frakte gjødsel mellom Porsgrunn og Brevik. Med hjelp av GPS, radar, kamera og sensorar skal skipet kunne navigere rundt annan båttrafikk og legge til og frå kai heilt på eiga hand.

Prosjektet har ført til at gjødselprodusenten, saman med Kongsberg Gruppen, ligg eit hestehovud før alle andre i kampen om å byggje det første kommersielle, autonome skipet i verda.

– Det er klart det er stas å vere først ute. Vi trur jo at dette er framtida. Vi trur dette kan få ei større betydning, og nokon må vere først ute. Og det skal vi vere, seier kommunikasjonssjef Kristin Nordal i Yara til Aftenposten.

Sjølv om skipet skal bli sjøsett innan slutten av 2018, vil ikkje dei første turane vere heilt utan menneske om bord. Det vil bli ein gradvis overgang til den første heilautonome turen, som sannsynlegvis finn stad i 2020.

Yara Birkeland vil koste anslagsvis 25 millionar dollar, noko som er tre gonger dyrare enn eit vanleg skip på same størrelse. Men driftskostnadane vil bli kutta med 90 prosent, ettersom det elektrisk drivne skipet ikkje vil ha behov for drivstoff eller mannskap.

Yara køyrer i dag omtrent 40.000 turar årleg med lastebil mellom Porsgrunn og Brevik for å frakte gjødsel. Dei forsvinn når Yara Birkeland, som vil vere eit nullutsleppsskip, tar over transporten.